Adrian Lorentsson får Tabuprisen 2017 for openheit om psykisk helse
Rådet for psykisk helse tildeler Tabuprisen 2017 til Adrian Lorentsson, som både har stått fram med eigne problem og vore leiar i Mental Helse Ungdom.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tabuprisen er ein heiders- og ærespris frå Rådet for psykisk helse der mottakar får anerkjenning for sin innsats for å byggje ned fordommar om psykisk helse, bryte tabu, fremme inkludering, omtanke og openheit. Lorentsson har vore med på å byggje opp Mental Helse Ungdom, som har etablert 31 lokallag på ti år. Han har vore open om eigne sjølvmordsforsøk og bidratt med eigne erfaringar til ulike debattar om psykisk helse.
LES OGSÅ: Folkehelseinstituttet og Mental Helse Ungdom vil ha psykisk helse på timeplanen
– Adrian Lorentsson er ei svært viktig stemme i vårt samfunn, og det er flott og inspirerande å kunne heidre han på denne måten, seier Tove Gundersen, generalsekretær i Rådet for psykisk helse.
– Han har vore spydspiss for brukarorganisasjonane i å bryte ned fordommar knytt til farlegheit og psykiske lidingar, og har sett eit kritisk søkjelys på mediedekninga av slike saker. Vi treng slike som han, seier Gundersen.
Tabuprisen blir overrekt hos Fritt Ord tysdag formiddag.
FÅ OGSÅ MED DEG: Fleire unge på antidepressiva