Mats Grimsæth får Tabuprisen 2019: – Denne prisen er ikkje berre min
– Mats Grimsæth har opna dører for dei som kjem etter han slik at det er blitt litt lettare å seie ifrå når ein ikkje har det bra, seier generalsekretæren i Rådet for psykisk helse.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er audmjuk og svært takksam for å få tildelt denne prisen, men denne prisen er ikkje berre min, skriv Mats Grimsæth på Instagram.
Han trekkjer så fram historier frå folk som har sett spor i 24-åringen, og som illustrerer kvifor det er viktig å bryte tabuet om sjølvmord og psykisk helse hjå unge, og spesielt hjå gutane.
Banar veg for andre
I si grunngjeving trekkjer Rådet for psykisk helse fram korleis Grimsæth med sin openheit har bana veg for at også andre unge kan vere opne om korleis dei har det, og då særleg gutane.
Grimsæth er naturfotograf, seglar, føredragshaldar og eventyrar. 10. oktober i fjor, på verdsdagen for psykisk helse, stod han fram og fortalte om sin eigen angst til over 16 000 Instagram-følgjarar.
Sidan då har han halde fram med å prate om å velje livet, snakke om det som er vanskeleg og søkje profesjonell hjelp.
Særleg til hjelp for gutar
Tove Gundersen, generalsekretær i Rådet for psykisk helse, understrekar kor viktig det er at ungdom som strevar kjenner seg att i andre, og at det påverkar kva val dei sjølve tek:
– Openheit gjer at fleire ber om hjelp, og at det er lettare å be om hjelp. Mats Grimsæth har opna dører for dei som kjem etter han slik at det er blitt litt lettare å seie frå når ein ikkje har det bra, seier Gundersen i pressemeldinga.
Særleg vert Grimsæth rosa for å skape eit rom for unge gutar til å dele utfordringane sine:
– Delen som rapporterer om psykiskse plagar i ungdomstida er høg, og gutar er overrepresenterte blant dei som tek sitt eige liv kvart år. Vi trur mange unge menn ikkje snakkar om korleis dei har det, og at dei difor oppsøkjer hjelp altfor seint, eller ikkje i det heile teke, seier Gundersen.
– Det går bra
På Instagram avsluttar Grimsæth sjølv med ein framtidsvisjon:
– Eg håpar vi ein dag får eit samfunn kor vi lærer barn tidlegare at livet kjem med bagasje og at det ikkje vert lett, men det går fint. Eg håpar vi ein dag får eit samfunn kor vi sluttar å skape og setje menneske i bås, skriv 24-åringen.
Han slår fast at uansett kor ulike ein verkar, så er vi alle menneske med like mykje verdi og rettar.
– Tenk viss vi møtte den fortvila 15-åringen med sjølvmordstankar med: så bra! Så bra at du kjenner på det, fordi det er sånn det er å vere menneske og det går bra, avsluttar Grimsæth.
- Les også om «Hey man!» som skal nedkjempe einsemd blant menn: – Som mann sjølv ser eg føre meg at det er litt vanskelegare for menn å vere einsame, fordi dette med å vere ein mann er at ein klarar seg fint
Tabuprisen
- Heiders- og ærespris frå Rådet for psykisk helse
- Tildelast personar, organisasjonar og verksemder som gjennom ord og handling gjer ein innsats for å byggje ned fordommar om psykisk helse, bryt tabu, fremjer inkludering, omtanke og openheit kring psykisk helse.
- Tidlegare vinnarar: Helsesista, Adrian Lorentsson, Linnea Myhre, Ingvar Ambjørnsen