«Helsesista» får Tabuprisen 2018
Tale Maria Krohn Engvik, kjend som «Helsesista», fekk Tabuprisen 2018 for innsatsen for å bryte ned fordommar og auke kunnskap om psykisk helse i samfunnet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Heidersprisen blir delt ut av Rådet for psykisk helse. Dei meiner Engvik har brote tabu både i måten ho jobbar og kommuniserer på, ved å nå ut til ungdommar gjennom ein til no utradisjonell kanal for helsetenestene.
– Tale er tøff, tydeleg og snakkar frå hjartet. Som helsesøster og fagperson er ho svært utradisjonell i sin omgangsform og val av kanalar, noko vi ser på som ei positiv utfordring til helsesøsterrolla. Vi synest det ho gjer, er viktig og grensesprengjande, seier generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse.
Les også: Helsesista: – Alle gjer dumme ting i blant
Viktig å vere der dei unge er
Som helsesøster i Oslo opplevde Engvik at ho ikkje strakk til, eller nådde ut til alle som trong oppfølging, og starta dermed snapchat-kontoen «Helsesista». Her gir ho blant anna råd og svarer på spørsmål til sine mange titusen følgarar.
– Unge menneske trenger gode vaksne som tør å by på seg sjølv, bruke humor og vere opne om ting som er vanskelege. Desse vaksne må vere tilgjengelege, dei må vere der dei unge er. Derfor er det så viktig med ein «Helsesista», ei digital helsesøster eller -bror, som også er eit ekte menneske, seier Gundersen.
Les også: Talet på gutar som oppsøkte helsestasjonen dobla seg