– Kvart år mistar eg i gjennomsnitt tre eller fleire vener eller kjende til sjølvmord, skriv Ingebjørg Blindheim. Her kjem hennar innspel til den nye handlingsplanen for sjølvmordsførebygging.
Ingebjørg Blindheim
Ingebjørg Blindheim

Teksten var først publisert på Facebook, og er gjengjeven med løyve.

For nokre dagar sidan kom det delar av den nye handlingsplanen for sjølvmordsførebygging.

Her er mine, og nokre av dei i det lukka nettverket på Instagram, sine tankar om det som kom fram i den.

Eg spurde dei i det mørke miljøet på Instagram (kjelde: «Trigger WARNING av NRK») då eg såg artikkelen med delar av handlingsplanen for sjølvmordsførebygging, om deira innspel.

Dette innlegget er skrive basert på dei svara som kom inn, og mine eigne erfaringar/råd. Så ver så god, Bent Høie. Her har du mykje brukarerfaring og brukarråd!

Må bli meir konkret

Det er veldig bra at det skal vere fokus på kvifor sjølvmord skjer og oppfølging av pårørande. Og det at vi siktar mot nullvisjon synest eg er heilt fantastisk! Om det er realistisk, er ein annan diskusjon, men det er eit bra mål å sikte etter. Så må vi bli glade for kvart enkelt menneske vi klarar redde i mellomtida.

Handlingsplanen må derimot bli meir konkret, og eg har nokre råd til det.

Vi må hugse at det er forskjellige grunnar for kvart menneske. Ein må ikkje berre finne ut kvifor folk tek sjølvmord etter at dei har gjort det. Då er det for seint gjere noko for det menneske. Det er også vanskeleg å finne ut kvifor når mennesket allereie er dødt og ikkje kan fortelje grunnen.

Vi må finne ut kva grunnen er til at folk har sjølvmordstankar i utgangspunktet!

Kartlegging åleine er ikkje nok

Det kan vi til dømes gjere i «Timen Livet» som Forandringsfabrikken har prøvd ut med diverse skular. Dette bør bli obligatorisk på alle skuler og alle trinn. Eg synest til og med vi treng eit liknande opplegg allereie i barnehagen.

Vi må lære om kjensler og livets oppturar og nedturar på skulen, så vi er betre rusta til å handtere livet når vi ein dag skal klare oss sjølv.

Vi må ha mykje betre skulehelseteneste. For ikkje lenge sidan kom nokre elevar bort til meg og fortalde at deira helsesjukepleiarar sjeldan var på jobb, og når dei først var der, hadde dei ikkje tid. Det kunne ta fleire månadar før dei fekk time. Det er ikkje godt nok!

Vi bør ha førebyggande, oppsøkande team på alle skular og idrettar, slik dei til dømes har på Nordahl Grieg videregående skole i Bergen.

Lågterskeltilbod der fagfolk er lett tilgjengelege, som Ung Arena, bør styrkast, bli spreidd over heile landet og bli større. Der fagfolk er lett tilgjengelege.

Kartlegging åleine er ikkje nok. Det er mange som har prøvd å seie ifrå om kvifor, kva og kor mykje i mange år. Vi treng konkrete tiltak no!

Ta ord like seriøst som handling

Kvart år mistar eg i gjennomsnitt tre eller fleire vener eller kjende til sjølvmord. Eg slutta telje på 15. Og eg er berre 22 år. Vi har ikkje tid til ei æve med kartlegging utan tiltak.

Eg snakkar no ut ifrå både eiga erfaring, og innspel eg har fått frå «det mørke miljøet» på Instagram. Det vi tenker er grunnen til at folk gjer sjølvmord eller prøvar å gjere sjølvmord, i alle fall i det miljøet, er at dei føler dei ikkje blir tekne seriøst i systemet når dei seier ifrå med ord åleine.

Har dei eit forsøk eller skadar seg alvorleg, får ein meir hjelp enn om ein seier «eg er veldig lei meg». Ein må bli teken like mykje på alvor når ein seier ifrå med ord som med handling.

Hjelpa er ikkje god nok

Endå ein av grunnane, er at hjelpa som finst i dag ikkje er god nok. Det er vanskeleg å få hjelp over lang tid. NAV-systemet gjer folk sjukare, og folk har ikkje krefter til å kjempe for å få det dei har rett på. Det er lange ventetider for å få hjelp, for få behandlarar og ikkje minst alt for få sengeplassar!

Det er kritisk at det kjem fleire sengeplassar sånn at det faktisk finst hjelp for dei som treng det, når dei treng det.

Ofte blir ein avvist fordi dei «ikkje har kapasitet eller plass». Hjelpa må finnast, for at vi skal kunne seie til folk at dei må «søke hjelp».

Møt dei med sjølvmordstankar med verdigheit

Noko som også er utruleg viktig er betre tryggleik rundt metodar, og god oppfølging om ein har mistanke om at nokon har tenkt å ta sitt eige liv.

Det må vere meir fokus på korleis ein skal møte folk med sjølvmordstankar. Då eg sleit med sjølvmordstankar og såg politiet eller ambulansen kome, var det ofte dråpen som gjorde at eg utførte handlinga.

Måten eg ofte blei behandla på på legevakten eller politiet var uverdig, audmjukande og vond, og eg ville ikkje oppleve det igjen.

Heldigvis overlevde eg.

Men det må gjerast noko med korleis ein blir møtt av politi, legevakt, ambulanse osb. Å bli møtt med «du likar vel smerte du, så du treng ikkje bedøving», eller «du tek opp tida til menneske som faktisk treng hjelp» og liknande er ikkje greit.

Det må snakkast om, og gjerast noko med!


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Les også: Koronskrisa har opna for ein heilt ny arena for psykisk helsetilbod: videoterapi

– Kan nok fungera som ein kjempefin plan B, seier Marna Kostadhagen (t.v.) Ho er ein av dei som har prøvd videoterapi. Psykologspesialist Lene Guttulsrud (t.h) har på si side fått eit heilt nytt syn på videoterapi i koronakrisa. Foto: Privat.
Oppdatert: onsdag 24. juni 2020 15.45
ANNONSE