Eit annleis studieår på trappene

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

30. juli uttala Oslomet-rektor Curt Rice til VG at styresmaktene bør kome med krav om munnbind i fadderveka og på førelesingar.

Også Folkehelseinstituttets overlege Preben Aavitsland har uttala at han fryktar studiestarten og fadderveka. 108.000 personar har fått tilbod om studieplass gjennom Samordna opptak.

– Då kjem det ungdommar frå heile landet. Nokre av dei har kanskje nyleg vore på utanlandsferie. Dei blandar seg og skal kanskje ha ganske nær kontakt, seier han.

Helseminister Bent Høie (H) seier at studiestadene ikkje har moglegheit til å sanksjonere studentane etter smittevernlovgivinga.

– Studiestadene har moglegheit til å innføre eigne reglar, men nasjonale råd går frå FHI til oss. I august vil FHI kome med ei ny vurdering av bruken av munnbind, seier Høie til NTB.

Helseminister Bente Høie (H) seier FHI kjem med ei ny munnbind-vurdering i august. Foto: Borgos Foto AS/Regjeringen.no

Fadderveke i det fri

Aavitsland seier alle studentar bør oppføre seg som om dei sjølve er smitta. Men også studiestadene hjelper til. Fleire digitale arrangement, mindre faddergrupper og fysiske arrangement utandørs er tiltak som går att.

– Som ein del av programmet vil vi mellom anna gjennomføre eit utandørs rebusløp som vil gå over fire dagar. Det gir større plass til faddergruppene og sikrar avstand gjennom heile aktiviteten, skriv kommunikasjonssjef Ole Petter Syrrist-Leite ved Handelshøyskolen BI.

I fadderveka blir opplæring i smittevern for dei nye studentane eit hovudtema. Universitetet i Oslo krev smittevernkurs for både tilsette og studentar.

Blanda undervisning

Også undervisninga vil bli annleis. Då Noreg stengde 12. mars, måtte òg universiteta og høgskulane avslutte all undervisning, og dei fleste valde å gjennomføre flest mogleg heimeeksamenar.

I haustsemesteret er det lagt opp til at studentane skal få noko fysisk undervisning, men smittevernomsyn gjer at mykje framleis må skje over nett.

– Ambisjonen vår er at to tredelar av undervisninga i haustsemesteret skal gjennomførast på campus, så sant det er innanfor FHI-reglane, skriv Syrrist-Leite.

Fleire universitet har leigd ekstra lokale og redusert storleiken på seminargruppene for å klare å halde oppe einmetersregelen.

Reservere plass

Universitetet i Oslo skal bruke lesesalar som undervisningslokale og innfører krav om at studentane må reservere lesesalsplass. I tillegg må universiteta handtere spørsmålet om studentar i risikogruppa.

– Studentar som er i risikogruppa, skal ikkje måtte møte fysisk til undervisning, understrekar viserektor Oddrun Samdal ved Universitetet i Bergen.

I det som fortonar seg som eit uvanleg studieår, har fleire frykta at særleg førsteårsstudentane vil bli sitjande fast på hybelen, einsame og utan sosiale samlingspunkt.

Også denne utfordringa prøver studiestadene å møte. Førsteårsstudentane blir prioriterte når det gjeld fysisk undervisning, og som vanleg blir dei oppmoda til å engasjere seg i det frivillige.

Frå venstre: Hamza Hussain (18) og Hanouk Tewelde (17) er uroa for om dei får læreplassar til hausten. Suleiman Mohammad (17) har på si side bestemt seg for påbygg, slik at han kan studere vidare. Foto: Andrea Rygg Nøttveit