Overlege uroleg for smitte under fadderveka

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.08.2020 11:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier overlegen ved Folkehelseinstituttet til NRK Dagsnytt.

– Faddervekene er litt skumle, tykkjer eg. Då kjem det ungdom frå heile landet, seier Preben Aavitsland, som stadfestar at Folkehelseinstituttet er uroa for situasjonen.

Om kort tid er fadderveker i gang ved høgskular og universitet over heile landet.

Fleire har meldt at årets fadderveke vil bli korta ned til berre éi veke, og at det blir større avgrensingar på kapasitet under arrangement enn tidlegare.