Ringjer studentar for å ønskje dei velkommen

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 05.08.2020 15:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er framleis usikkert kor mykje fysisk undervisning det blir i det nye skuleåret. Difor tek Universitetet i Søraust-Noreg kontakt med nye studentar for å ønskje dei velkommen, skriv Khrono.

Fadrane har fått tilsett- og teieplikt, og skal ringje studentane som byrjar på bachelorprogram og integrerte masterprogram.

Inkludering er hovudfokuset

Victor Simonsen er leiar i fadderstyret ved universitetet sin campus i Vestfold. Han seier til Khrono at planen er mindre faddergrupper i år, og ikkje store festar.

– Me har planlagt ei fadderveke der hovudfokuset er å inkludera alle nye studentar og på den måten bidra til at studentane vert kjende med kvarandre og får ein god studiestart.


Halldis Folkedal ville heim til Vestlandet, og la kulturkarrieren på hylla til fordel for å køyre tog! Foto: Halldis Folkedal/Flickr