13.000 arbeidsledige og permitterte får tilbod om nettkurs
Regjeringa set av 85 millionar kroner til 235 nettbaserte kurs ved 46 utdanningsinstitusjonar over heile landet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– For å gi dei som har mista jobben eller vorte permittert eit utdanningstilbod har regjeringa dobla satsinga på nettbaserte kurs. No kan over 13.000 arbeidsledige og permitterte bruke den ledige tida til kompetanseheving gjennom dette tilbodet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.
Mange av kursa startar opp allereie i slutten av juni. Utdanningstilboda spenner vidt, og flest kurs blir tilbodne innan fagområde som økonomi, administrasjon og leiing, IKT og digitalisering, så vel som helse og sosialfag.
Tanken er at dei nettbaserte kursa skal møte ein konkret etterspurnad, ifølgje Kunnskapsdepartementet.
Ulike utdanningsnivå
Den digitale opplæringa blir tilboden på vidaregåande skule-nivå, høgare yrkesfagleg nivå og universitets- og høgskulenivå.
Innan høgare utdanning er det til saman tildelt i overkant av 53 millionar kroner til nettbaserte kurs. Av institusjonane er det Høyskolen Kristiania, BI – Norwegian Business School, NTNU og Oslomet som har fått mest i støtte.
Høgare yrkesfagleg utdanning har fått tildelt drygt 11 millionar kroner, og blant fagskulane er det fagskulen i Sogn og Fjordane, fagskulen Kristiania og Folkeuniversitetets fagskule som har fått mest.
Vidaregåande opplæring har fått tildelt i underkant av 28,8 millionar kroner. Her er det AOF Vestlandet, Nordic open online Academy og Kompetansehuset Neo som får den største delen av potten.
– Håpar folk nyttar sjansen
– Regjeringa har forlengt perioden som arbeidsledige og permitterte kan få dagpengar kombinert med alle former for opplæring ut året. Eg håpar folk no nyttar sjansen til å skaffe seg litt meir utdanning og på den måten stå betre rusta i arbeidslivet i åra framover, seier Asheim.
Det er Kompetanse Noreg og Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) som har vurdert søknadene og fordelt pengane.