I år søkjer fleire høgare utdanning rett etter vidaregåande

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag annonserte Samordna opptak dei førebelse, nye søkartala.

Roar Olsen, direktør i UNIT – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking. Foto: Unit

Her kjem det fram at rekordmange har søkt opptak til universitet og høgskular gjennom Samordna opptak, heile 150 784 personar (per 16. april 2020) .

Det er ein auke på 8,7 prosent frå 2019, omlag 12.000 søkarar.

– Aldri før har fleire søkt opptak til høgare utdanning. Sjølv om det er eit spesielt år med koronasituasjonen, så skal vi gjere vårt for at dei samordna opptaka vert gjennomført innan normale fristar og på ein god måte også i år, seier direktør i UNIT, Roar Olsen i ei pressemelding.

Saman med Kunnskapsdepartementet står UNIT bak Samordna opptak.

12 prosent fleire kjem rett frå vidaregåande

I søkartala er det generelt fleire søkarar innanfor alle aldersgrupper samanlikna med fjoråret. Størst auke er det i aldersgruppa 18-19 år, med 12 prosent oppgang frå 2019.

Det betyr at det i år er 27 190 som ynskjer å gå rett frå vidaregåande skule til høgare utdanning.

Tala vart presenterte under pressekonfersansen fredag.

Fleire vil studere helsefag

På helsefag er det ein auke på 4,1 prosent, og sjukepleiarutdanninga aukar med 5,8 prosent, medan profesjonsstudiet i medisin aukar med 16,7 prosent.

Dimed har kvar fjerde søkar helsefag som førsteval, og nestan kvar tiande har sjukepleiarutdanninga som sitt førsteval.

Søkartal for universitet og høgskular med størst endring frå 2019. Kjelde: Samordna opptak, søkartal 2020. 20.april

Faget som aukar mest er IKT, som går opp 13,8 prosent. Her har det vore ein stor auke dei siste fire åra.

Elles er det størst auke på historiefag, mediefag, samfunnsfag og økonomisk-administrative fag. Alle desse har ein oppgang på meir enn 20 prosent.

Søkarane kan fram til 1. juli endre på prioriteringane og kva dei har som førsteval, men dette er tala sånn dei såg ut då søknadsfristen gjekk ut 15. april.

Nedgang for lærar- og politiutdanning

Lærarutdanninga har ein nedgang på 8,1 % førstevalssøkarar. Her er det grunnskulelærerutdanninga for 5.–10. trinn som har størst nedgang med 12,9 % færre søkarar enn i 2019.

– Det er nok den største overraskinga i årets opptak. Me hadde ei stor auke frå 2017 til 2018 og eit toppår i fjor. Med denne nedgangen er me framleis godt over tala frå 2017, men me har ikkje gjort noko analyse på kvifor det går ned igjen no, sa Olsen på pressekonfersansen.

Også profesjonsutdanninga politi opplever stor nedgang. Politiutdanninga har heile 18,3 % færre søkarar i år. Også i fjor var det ein stor reduksjon i politiutdanninga.

Trur koronakrisa har påverka

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Foto: Kunnskapsdepartementet

Forsknings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) trur koronakrisa har påverka mykje av resultata, både at fleire velgjer helsefag og at fleire generelt søker høgare utdanning.

– Frå tidlegare kriser veit me at folk ofte søker seg til utdanning når arbeidsmarknaden er vanskelegare. Koronakrisa er sånn sett ikkje noko unntak, og det er forventa at søkartala skulle gå opp, sjølv om eg er overraska over at dei går så mykje opp, sa han på pressekonferansen.

Han meiner det er positivt at mange nyttar høvet til å ta utdanning og at folk ikkje set livet på vent, og meiner det vil vera avgjerande framover.

Vurderer fleire studieplassar

– Utdanning og kompetanse vil vere eit av regjeringa sine verkemiddel for å koma styrka ut av denne krisa, seier Asheim.

Dei skal også vurdere om talet på studieplassar skal aukast, noko som i så fall vil kome i revidert nasjonalbudsjett.

Asheim håpar flest mogleg takkar ja og satsar på at at studia vil starte som normalt til hausten, sjølv om det kan bli meir heimeundervising og undervising på nett.

Dei endelege søkartala vert presentert av Kunnskapsdepartementet og Samordna opptak 20. juli 2020.

Søkartal for universitet og høgskular. Kjelde: Samordna opptak, søkartal 2020. 20.april

Dette er studia flest søkarar har som førsteval pr. 15.april 2020:

  • Siviløkonomutdanninga – Norges Handelshøyskole – 2.112 søkarar
  • Rettsvitskap – Universitetet i Bergen – 1.968 søkarar
  • Rettsvitskap, opptak haust – Universitetet i Oslo – 1.888 søkarar
  • Sjukepleie, Oslo – Oslo Met – storbyuniversitetet – 1.365 søkarar
  • Medisin, opptak haust – Universtitetet i Oslo – 1.236 søkarar
  • Sjukepleie, Trondheim – NTNU – 1.140 søkarar
  • Arkitekt – Arkitekt- og designhøgskolen i Oslo – 1.133 søkarar
  • Psykologi, profesjonsstudium – UiT Norges arktiske universitet – 1.129 søkarar
  • Sjukepleie, Bergen, haust – Høgskulen på Vestlandet – 1.121 søkarar
  • Kriminologi, årsstudium – Universitetet i Oslo – 1.120 søkarar

Mest populære studiestadar:

  • NTNU56.305 søkarar
  • Universitetet i Oslo  – 49.379 søkarar
  • Oslomet45.778 søkarar