Regjeringa vil opprette 4.000 nye studieplassar

Mange er i ein usikker jobbsituasjon og har søkt seg til høgare utdanning. No vil regjeringa auke talet på studieplassar med 4.000, opplyser Henrik Asheim (H).

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ministeren for forsking og høgare utdanning seier til Aftenposten at det er viktig å få fleire i utdanning og i yrke som samfunnet treng framover.

– Vi foreslår i tillegg ein auke på 1.000 studieplassar til høgare yrkesfagleg utdanning, seier han.

Dei nye studieplassane er ein del av ein utdanningspakke som vil bli lagd fram i revidert nasjonalbudsjett 12. mai. Studieplassane vil bli oppretta frå hausten, dersom Stortinget seier ja.

I regjeringsforslaget blir 1.123 av studieplassane fordelte til helse- og sosialfag, 550 plassar til lærarutdanningane, 1.472 plassar til matematikk, naturvitskap og teknologi, 833 plassar til juridiske og økonomisk-administrative fag og 22 plassar til animasjon, utøvande musikk, film og kunst.

Ministeren seier til avisa at han reknar med at det blir tilnærma normal verksemd ved universiteta og høgskulane til hausten, men at det nok blir aktuelt med noko nettundervisning.

I ein tiltakspakke for studiesektoren som kjem i mai eller juni, vil regjeringa kome tilbake med andre tiltak for sektoren, ifølgje Asheim.

Les også: