Psykisk pakkeforløp langt unna målet for barn og unge
Berre 55 prosent av barn og unge som får behandling gjennom pakkeforløp for psykisk helse, vart greidde ut innan tilrådd tid.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser ei oversikt som vart lagd fram av Helsedirektoratet fredag.
– Vi er godt på veg, men ikkje heilt i mål, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).
Målet er at 80 prosent av pasientane skal greiast ut innan tilrådd tid. I psykisk helsevern for vaksne vart målet nådd for 72 prosent, medan for ruspasientar som får tverrfagleg behandling, var delen 82 prosent.
- Har du fått med deg denne? Koronakrisa har opne for ein heilt ny arena for psykisk helsehjelp – videoterapi. Framtida.no har intervjua nokon som har prøvd tilbodet!
– Har ein veg å gå
– Resultata viser at mykje er på plass, men òg at vi har ein veg å gå. Eg ventar og har tillit til at målingane blir brukte for å forbetre tenestene til det beste for pasientane, seier Høie.
Rapporten viser resultat av målingar på pakkeforløp for psykisk helse og rus for dei første fire månadene i år. Pakkeforløpet vart innført i 2019.
Målet med ordninga er å gi pasientar eit behandlingsforløp som er heilskapleg og føreseieleg, utan unødig ventetid. Pasienten skal få meir innverknad på behandlinga, og ho skal evaluerast systematisk undervegs.
- Les også Torkel Eikevik sitt meiningsinnlegg om pakkeforløp i psykiatrien: «Etter 27 år med ubehandla ADHD følte eg at eg hadde venta lenge nok»