«Etter 27 år med ubehandla ADHD følte eg at eg hadde venta lenge nok»

Torkel Eikevik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er berre to store tragediar i livet. Den eine er å ikkje få det ein vil ha, den andre er å få det, sa ein gong Oscar Wilde. Vel, Oscar, eg vil ha behandling, men eg får det ikkje. Det vil eg kalle ei tragedie.

Eg har lenge vore klar for ein snuopreasjon. Motivert til å endre på trender i livet mitt som eg veit ikkje er bra for meg.

Eg er ivrig etter å få hjelp.

Hjelp til å slutte å flykte via rus og festing.

Hjelp til å hugse å slå av komfyren etter eg hadde laga tomatsuppe slik at heile kollektivet ikkje luktar brent tomat, og skam.

Hjelp til å hjelpe meg sjølv.

Hjelp til få hjelp eg hadde rett på. Dette skulle eg få ved «hjelp» av eit såkalla pakkeforløp.

«Pakkeforløp for psykisk helse og rus skal gi deg som pasient eller pårørende et behandlingsforløp som er helhetlig og forutsigbart, uten unødig ventetid. Du skal få mer innflytelse på behandlingen, og den skal evalueres systematisk underveis. Pakkeforløpene innføres trinnvis fra 1. januar 2019.»

Hadde det vore så vel. Lat meg fortelje deg om min kamp mot pakkeforløpet, og eit helsesystem som ikkje tok meg på alvor.

Ein sårbar kasteball

Eg har følt meg sårbar i det siste. Ein sårbar kasteball ingen vil leike med. Lat meg forklare litt nærare:

Sommaren 2018 vart eg diagnostistert med ADHD. Det er heilt absurd at det har tatt så lang tid, i og med at eg sidan eg var liten har vore ein tornado av eit individ. Vi antok alltid berre at eg var klin gal.

Hyperaktiviteten var for det meste fanga på innsida av kroppen

Etter mykje pusling, fomling, testing, og frustrasjon endte vi opp med konklusjonen at jo, eg hadde ADHD.

Hyperaktiviteten var for det meste fanga på innsida av kroppen, noko som best kan forklarast som om hjernen din er ein godt mosjonert hamster, og kraniet ditt eit hamsterhjul.

Panikkanfall og angst

I ein felles samtale med nevropsykologen og fastlegen min vart det bestemt at eg skulle visast vidare til eit distriktspsykiatrisk senter. Dette kunne ta opp mot eit halvt år.

Her skulle vi teste ut medisinar som kanskje kunne hjelpe meg å handtere problema ADHDen og angsten gav meg, men først måtte eg levere urinprøver for å bevise at eg ikkje tok ulovlege stoff. Desse prøvane slo ut positivt, sidan eg har jamlege panikkanfall samt sterk angst og tek benzodiazepiner når dei blir for ille. Dette gjorde ventetida betrakteleg lengre.

Etter 27 år med ubehandla ADHD følte eg at eg hadde venta lenge nok. Men er det noko helsesystemet elskar meir enn noko anna, så er det å la deg vente. På testar, på medisin, på venterommet. På behandling.

Vente, vente

Så, var det dette pakkeforløpet eg snakka om i starten, då. Kvar kjem det inn i bildet, tenkjer du kanskje? Og ikkje minst, kva er det for noko?

Eg har eigentleg ikkje peiling. Og det trur eg ikkje dei som jobba med det har heller.

Sjølv vart eg aldri skikkeleg informert, men har fått med meg såpass at det er ein prosess som skal gjere at du har meir innsikt i kor du er i behandlinga di, som skal redusere ventetider, og der du skal ha koordinert oppfølging heile vegen. Eg gjentar: koordinert oppfølgjng heile vegen. 

Tragikomisk nok, var sjølvsagt det eg hadde i vente, endå meir venting

Etter over eit år med venting, var eg spent på kva eg hadde i vente.

Passande, og tragikomisk nok, var sjølvsagt det eg hadde i vente, endå meir venting. Sjokkerande.

Tolmodsprøva

Etter å ha venta i over åtte frustrerande månader på å få ein ussel samtale, fekk eg høyre at det distriktspsykiatriske senteret ikkje kunne hjelpe meg, fordi dei hadde dårleg kapasitet.

Er det noko du skal vite om folk som har ADHD, så er det at vi har særs dårleg tolmod. Eg snakkar «stå å skrike på at nudlane skal bli ferdige»-tolmod.

Inni det rabiate hovudet mitt hadde eg no to val:

  1. Klikke 140% i skråvinkel på ein psykiatrisk klinikk
  2. Akseptere at eg no måtte vente på å igjen bli henvist til ein plass som potensielt ikkje ville ha noko med meg og dei usignifikante problema mine å gjere.

På dette stadiet var eg utbrent. Kva no enn det betyr. Eg les berre om det i bloggar, og på VG+. Eg var i alle fall lei.

Eg fekk beskjed om at eg skulle til visast vidare til noko som heitte Avdeling for rusmedisin (AFR).

Kansellert pakke

Eg hadde ikkje lengre noko løpande «pakkeforløp». Det var kansellert. Eg skulle no byrje i eit nytt eit.

Ein pakke på eit bagasjeband, rundt og rundt, som venta på å bli plukka opp.

På den positive sida visste eg jo ikkje at eg i det heile tatt var i eit pakkeforløp ein gong, så det var i alle fall noko. Det visste forøvrig ikkje spesialisten heller.

Det var eit nytt system skjønna du, det var ingen som «heilt visste kva som føregjekk» fekk eg beskjed om.

Det var ikkje deira feil, at systemet var endra og dei ikkje klarte halde seg til det.

Ironiens triste, tørre, kransekake

Det tok tre månader før eg fekk slippe til hjå AFR.

I denne perioden gjekk det beint sør. I ein slags devil-may-care aktig patetisk alko-vals med meg sjølv klarte eg å torpedere det meste av det som var stabilt i livet mitt.

Eg følte meg forlatt, forbanna, uviktig

Eg følte meg forlatt, forbanna, uviktig, og på randen til å gje opp.

Går ein lenge nok utan hjelp, når ein ønsker det, kjenner ein verkeleg på kor mykje ein taklar før den infamøse knekken ringjer på døra, som du i irrasjonell redsel alltid har låst.

Eg var ein prega 27 år gammal mann som gjorde alt eg ikkje burde, over ein lengre periode.

Om eg ikkje hadde tendensar til eit rusproblem før eg vart vist til avdeling for rusmedisin, hadde eg i alle fall byrja å utvikla eit mens eg venta på å sleppe til der.

Toppen av ironiens triste, tørre, kransekake.

Pakkeforløp?

Eg har i skrivande stund kome til hjå AFR, ein plass eg føler eg ikkje bør vere, der eg får, tja, relativt jamleg oppfølging.

Eg veit framleis ikkje heilt kva som skjer. Kvar eg er i pakkeforløpet mitt, kva eit pakkeforløp er, kven forløpskoordinatoren (?) min er, eller kva tilbod eg har rett på.

Det mest positive som er kome ut av heile denne ugudelege seansen er at eg får hjelp til å slutte med benzodiazepiner på lovleg vis.

Sjølvsagt etter omlag to månader med kverulering, angstfylte krampenetter, og illsinte telefonar til diverse psykiaterar frå mi fantastiske, bekymra mor, som sjølv arbeidar i helsevesenet.

Det store spørsmålet

Etter alt dette har ting stabilisert seg noko. Det går greit. Men ikkje heilt.

Eg skal no gå tre månader til, fri frå all medisin og rus, lovleg og ulovleg, for å få lov til å i det heile tatt teste ut ein eventuell medisin som skulle hjelpe meg med å unngå alle desse problema eg står ovanfor i utgangspunktet.

Ein elefant av eit paradoks. I over eitt og eit halvt år har eg venta på å få hjelp, og eg er sanneleg ikkje aleine. Og no når eg får det, lurer eg nesten på om det ikkje er byrjar å bli litt for seint.

Lær frå i går, lev for i dag, og håp for i morgon.

Det viktige er å ikkje slutte å stille spørsmål.

Er det ikkje på tide å ta folk som spør om hjelp på alvor?

Vel, eg stiller spørsmål ved ventetida, kompetansen, og kommunikasjonen i det norske helsevesenet.

Eg stiller spørsmål kring pakkeforløp, Bent Høie, og alle dei som ikkje stiller seg spørsmålet; er det ikkje på tide å ta folk som spør om hjelp på alvor?

Les også intervju med kjendispsykolog eder Kjøs: – Angsten er ei drivkraft, like mykje som ei hindring

Peder Kjøs. Foto: Beate Haugtrø / NPK