Éin av tre studentar lid av søvnproblem

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ofte handlar det om dårleg døgnrytme, ifølgje søvnforskar Bjørn Bjorvatn. Døgnrytmeproblem vil seie at ein kviknar til på kvelden og slit med å få sove før langt på natt.

– Når dei først har sovna, er søvnen god og djup. Og viss dei ikkje blir vekte, kan dei sove langt utover dagen. Dette er typiske symptom på forseinka søvnfaseliding. Problemet oppstår fordi dei må opp tidleg, og dermed før dei er utsovne. Det gir auka trøyttleik på dagtid, seier Bjorvatn til Aftenposten.

Les ogsÅ meiningsinnlegget: A-menneske har høgare status i samfunnet enn B-menneske. Må vi alle passe inn i eit ideal?

Søv dårlegare i eksamenstida

Søvnlidinga insomni, som blir kjenneteikna av dårleg nattesøvn, kan òg vere ei årsak. Her handlar det ikkje om å slite med å sovne, men problem med å sove utover neste dag.

– For begge diagnosane blir søvnen ofte verre i eksamensperiodar, både fordi eksamen ofte byrjar tidleg om morgonen og fordi nervøsitet og uro i samband med eksamen jo òg negativt påverkar innsovinga og nattesøvnen. Dei fleste av oss søv meir uroleg viss det skal skje noko viktig neste dag – som eksamen, seier søvnforskaren.

Er du stressa for eksamen? Liva fekk 23 seksarar på vitnemålet – her er dei beste eksamenstipsa hennar.

Liva Thiis fekk utdelt Oos´legat i slutten av april 2019 for beste nynorskeksamen våren 2018. Foto: Samlaget