Tysdag kjem eksamensutvalet med forslag til endringar i eksamensordningane. Eitt forslag er å droppe dagens trekkordning og la eleven bestemme.
NPK-NTB
NPK-NTB

Slik ordninga fungerer i dag, blir elevar trekte ut tilfeldig til eksamen siste året på ungdomsskulen og på vidaregåande.

Denne ordninga gjer at nokre elevar blir trekte ut fleire gonger enn andre, og eksamensfaget er tilfeldig.

– Elevane kan sjølv få velje eksamensfag

Det regjeringsoppnemnde utvalet meiner det bør greiast ut vidare som eit alternativ at elevane sjølv skal få velje kva fag dei kjem opp i til eksamen, skriv Aftenposten.

– Eit mogleg alternativ er at ein definerer nokre kjernefag, som norsk og matte, som alle elevar må komme opp til eksamen i. Utanom kjernefaga kan elevane sjølv få velje eksamensfag, seier utvalsleiar Sigrid Blömeke til avisa.

Standpunkt overstyrer eksamensstryk

Ekspertgruppa foreslår òg at standpunktkarakteren skal overstyre eksamenskarakteren dersom eleven stryk på eksamen, men har bestått i standpunkt.

Norsk Lektorlags representant i utvalet tok dissens mot begge forslaga, og lektorlaget fryktar endringane er eit steg i retning mot å fjerne eksamen heilt.

Kunnskapsdepartementet opplyser at dei «tar sikte på å fastsette endringer i vurderingsforskriften og fagenes eksamensordninger før sommerferien, slik at de er klare før skolene skal ta i bruk de nye læreplanene».

Liva Thiis fekk utdelt Oos´legat i slutten av april 2019 for beste nynorskeksamen våren 2018. Foto: Samlaget
Oppdatert: tysdag 16. juni 2020 09.22

LES OGSÅ

ANNONSE