Stryk eksamen – styrk eleven

Jeffrey Meijer, Vestland SV
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Hendene dine skjelv, sveitten renn ned panna, og lukta av fersk oppkast heng litt igjen rundt inngangspartiet. Når du kjem inn blir du plassert i din eigen klaustrofobiske tronge boks, her blant eit hav av andre tronge boksar som alle er plassert i ein litt gammal gymsal. Alle er tause elevar, alle stirrar på ein skjerm, og alle skriv for livet. Det er tid for ei fem timars økt med nervepirrande skriving på ei oppgåve du aldri har sett før. Det er tid for eksamen. 

Altfor mange elevar kjenner på dette kvalmande testetyranniet som kallast eksamen. Men jaja, du får trøyste deg med at alle må gjennom eksamen, og derfor kan ein vel kalle dette rettferdig? Nei. Nei det kan ein slettes ikkje. At urettferd blir utført i system kamuflerer urettferda, men i røynda gjer dette urettferda berre endå eit hakk verre.

Altfor mange elevar kjenner på dette kvalmande testetyranniet som kallast eksamen

For sanninga er at eksamen er utdatert, urettferdig, og fremjar dårlege vanar. Allereie sidan mellomalderen har eksamen herja som ein plage over europeiske elevar. Denne eldgamle vondskapen har i alle år dømt eleven på dårlege grunnlag. 

Ein klarar ikkje å vise fram all sin kunnskap i fem timar. Som elev jobbar du med eit fag i fleire månader, ein deltar munnleg i faget, ein held presentasjonar, ein jobbar med innleveringar, og ein har også ordinære prøvar. Alt dette i sin heilskap er vel kanskje nok vurderingsgrunnlag for ein vitnemålskarakter. Men å dømme eleven ut ifrå ei einaste fem timars økt, ei økt som alle har grua seg til i lang tid, ein dag kvar du slite med nervar, med nervøsitet, og med haudverk. Å dømme nokon utifrå dette er rett og slett berre galskap.

På toppen av dette så dyrkar også eksamen utruleg dårlege vanar. I løpet av skuleåret kan ein eigentleg berre ta det litt rolegare, ein kan berre jobbe treigt og sakte, for det er på eksamen det tel. Det er desse haldningane eksamen dyrkar fram, haldningar som på ingen måte er nyttige i arbeidslivet kvar alle dagar tel.

Eksamen er utdatert, urettferdig, og fremjar dårlege vanar

Sosialistisk Ungdom vil derfor halde fram å kjempe mot denne urettferda, vi skal kjempe mot testetyranniet, og for eleven. Vi skal framheve mappevurdering som eit betre, og meir rettferdig, alternativ enn dagens unådige eksamen. Vi skal kjempe for ei vurderingsform som ser heile deg, ikkje berre den eine dagen i ein sveitt gymsal. Vi skal stryke eksamen, for å styrke eleven.

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no