SSB: Skriftleg eksamen aukar risikoen for å stryke

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei som trekker skriftleg eksamen, har meir enn 2,5 gonger så stor sjanse for å stryke. Å stå på eksamen er obligatorisk for å fullføre vidaregåande, og derfor har denne «uflaksen» med eksamenstrekninga langsiktige konsekvensar for ei gruppe svake elevar, konkluderer forskarane Martin Eckhoff Andresen og Sturla A. Løkken i Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Blant dei som stryk fordi dei kom opp i skriftleg eksamen, er det omtrent halvparten som framleis ikkje har vitnemål frå vidaregåande skule når dei er 25 år, seier Løkken.

Les også: Jobben deira vil bli å ta jobben frå andre

Same fag, ulik eksamensform

Han og kollegaen har i ein studie undersøkt konsekvensane av å bli trekt ut til skriftleg eksamen i staden for munnleg i andreklasse på vidaregåande skule.

Dei presiserer at «flinke» elevar typisk vel andre fagkombinasjonar enn svakare elevar og oftare fag som blir evaluerte med skriftlege eksamen. Dermed kan ein ikkje direkte samanlikne dei som kjem opp i skriftleg med dei som kjem opp i munnleg eksamen.

Forskarane har derfor i staden samanlikna studentar som kjem opp i same fag, men med ulik eksamensform.

Les også: Dette faget skal bu elevane på hundreårets krise