Fastlege om fråværsreglane: – Rein idioti

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fastlege om nye reglar: – Rein idioti

Frå hausten kjem det nye fråværsreglar for vidaregåande. Dersom ein elev har eit fråvær på meir enn 10 prosent i eit fag, vil dei ikkje få karakter i faget dersom fråværet ikkje er dokumentert. Er du sjuk, så må du ha legeerklæring.

Rektor ved Elvebakken videregående skole i Oslo, Per Solli, skriv om fråværsreglane i ei gjestespalte på Tidsskrift for Den norske legeforening.

«Så vidt jeg vet, kan ikke leger skrive ut erklæring for noe som har vært, derfor må man komme mens man er syk. Er dette riktig, får jeg opp noen pussige bilder av Per med nylig unnfanget omgangssyke på venteværelset. På sykdommens dag 1. Antagelig i stolen rett ved siden av toalettet.»

Han spår kø på legekontora.

LES SAKA: Streikar mot ny fråværsgrense

– Meiningslaust og håplaust
Inger Johanne Ravn, fastlege i Fjaler kommune, kommenterer dei nye reglane slik:

– Rein idioti! Trist samfunnsutvikling! Meiningslaus oppgåve og veldig trist at ein ikkje kan stola på menneske lenger. I arbeidslivet har dei fleste bedrifter no eigenmelding opptil åtte dagar samanhengande. Elevar under 18 burde få attest frå foreldra sine. Dei vaksne elevane burde få eigenmelding.

Ho seier til Framtida.no at reglane vil føra til endå større belastning for fastlegane, og tvilar sterkt på at det vil få nokon effekt på fråværet. Ho åtvarar òg mot smittefaren ved at elevar med influensa og forkjøling må oppsøkja legekontoret unødvendig.

– Og korleis skal me kunne bevisa at ein elev har diaré, viss ho seier ho har det?

Ho får støtte av Allmennlegeforeningen, som meiner reglane vil leggja unødvendig press på kapasiteten til fastlegane.

– Forslaget er ikkje godt gjennomtenkt. Veldig mange vil ønskja legeerklæring for alt muleg. Det gir ein god del ekstraarbeid, og vil gå ut over dei som verkeleg treng hjelpa vår, seier leiar Kari Sollien til Dagbladet.

Ein av elevane som streka i dag er Linda Sophie Babunga Johnsen (bildet), elev på andreåret på musikklinja ved Stord vidaregåande. Ho er glad for støtta frå legane.

– Det er vanskeleg å få time i dag, korleis skal det då bli til hausten? spør 17-åringen.

Dette svarar Kunnskapsdepartementet: – Vil senda klart signal mot skulk

Store konsekvensar
Rektor Per Solli skriv at i enkelte fag kan ti prosent vera ein romsleg kvote for fråvær, men understrekar at fleire fag i vidaregåande er totimarsfag. Desse utgjer 75 timar i løpet av eit år.

– Slike fag blir lese i økter på to samanhengande timar. Det vil seia at dersom ein er fråverande to gonger i haustsemesteret og to gonger på våren, er ein godt over fråværsgrensa. Det vil igjen kunne bety at eleven ikkje får vitnemål. Dette vil få store konsekvensar, først og fremst for eleven, men også for samfunnet, skriv han vidare i Tidskrift for Den norske legeforening.

Rektor Solli fekk i fjor prisen som ladejarl frå Reitan-gruppen for å ha forvandla Elvebakken frå ein skule som toppa fråværs- og fråfallsstatistikken til å bli ein skule der elevane trivst og ønskjer å vera.

DEBATT: Streikar du fordi dei andre gjer det?

Foto: Tuva Sundbye

 

Tusenvis av elever streiker mot fraværsgrensen. Rød Ungdom er med! #elevstreik #rødungdom

En video publisert av Bergen Rød Ungdom (@bergenru)

Faktaboks

• Frå hausten innfører Kunnskapsdepartementet ei ny, nasjonal fråværsgrense på 10 prosent, med unntak for dokumentert gyldig fråvær.
• Gyldig fråvær er helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte og representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
• Avtale om sjølvstendig studiearbeid og skuleadministrativt arbeid blir heller ikkje rekna som fråvær.