Vil la helsesjukepleiarar skriva ut fråværsattest

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2016 innførte regjeringa den omstridde fråværsgrensa, som seier at dersom elevar har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eitt fag får dei ikkje karakter i faget.

Rektor kan likevel bruka skjønn og la læraren setje karakter dersom eleven har eit fråvær på inntil 15 prosent.

Dersom elevane får legeerklæring er fråværet dokumentert og tel ikkje inn på fråværsgrensa.

Høgre-politikar vil ha hjelp av helsesjukepleiarar

Ifølgje tal frå Allmennlegeforeningen som NRK har fått, har kvar fastlege éin til to vidaregåandeelevar innom dagleg for å få legeerklæring. Foreininga meiner elevane bør kunne levera eigenmelding når dei er over 18 år, men får ikkje medhald.

Helsepolitisk talsperson i Høgre, Sveinung Stensland, meiner at helsesjukepleiarane kan ta på seg å skriva fråværserklæringar fordi dei er blitt fleire. Foto: Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen/Høgre

No føreslår Sveinung Stensland, som er helsepolitisk talsperson i Høgre, at helsesjukepleiarane kan avlasta legane.

– Tida er moden for at helsesjukepleiarane kan gje fråværsattest til elevar som er sjuke og ikkje kan følgja undervisninga, seier han til NRK.no.

Høgre-politikaren vil jobba for gjennomslag i eige parti, slik at forslaget kjem inn i Høgre sitt partiprogram.

Helsesjukepleiarar: – Ikkje vår jobb å avlasta fastlegane

Elevar som NRK har snakka med på Stavanger katedralskole tykkjer det er ein god idé, men forslaget møter motstand frå helsesjukepleiarane.

– Det er jo ikkje vår jobb å avlasta fastlegane, seier Ann Karin Swang, som er leiar for landsgruppa for helsesjukepleiarar i Sykepleierforbundet, til NRK.

Ho fryktar ei slik ordning kan gå ut over oppgåvene sjukepleiarane har i dag og viser til at helsesjukepleiarar ikkje har kompetanse på å stille diagnosar.

– Vårt mandat er først og fremst å drive førebyggjande og helsefremmande arbeid, seier ho.

Tidlegare i år sette Sykepleierforbundet i Oslo kommune ein stoppar for eit prøveprosjekt der Oslo bystyre ville la helsesjukepleiarar skrive fråværsmeldingar.

Helsesjukepleiarstudentane Ørjan Bergfalk og Carlos Landberg har berre positive erfaringar med å vere menn i helsevesenet. – Pasientar antar gjerne at du er veldig flink, utan at du har fortent det – altså heilt i starten.