Full krangel om «leiting» nord for iskanten

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Frp har fått gjennomslag for at vi skal leite etter olje nord for den definerte iskantsona, seier Frps energi- og miljøpolitiske talsperson Jon Georg Dale til NTB.

Bruken på Frp-toppen av ordet «leiting» fekk straks forlikspartnarane til å reagere sterkt.

Dei meiner det einaste Frp i realiteten har fått gjennomslag for, er at ressurskartlegging kan halde fram som før.

– Eg skjønar godt at Frp har vanskeleg for å godta at dei nettopp har tapt. Stortingsfleirtalet har akkurat bestemt at det ikkje skal borast etter olje nord for iskanten, seier saksordførar Ketil Kjenseth (V) til NTB.

Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Ole André Myhrvold. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

– Ikkje leiting

Også Aps Espen Barth Eide og Sps Ole André Myhrvold reagerer på Dales kommentarar.

– Dette er vidareføring av verksemd det er brei semje om. Kartlegging av ressursar er noko vi skal og bør halde fram med. Men dette er jo ikkje oljeboring, men seismikk og andre liknande tiltak, seier Myhrvold.

Eide understrekar det same – at det vil vere tillate med ressurskartlegging, i form av seismikk, i område som ikkje er opna for oljeverksemd.

– Altså inga opning for kommersiell petroleumsverksemd av nokon art. Og det er ikkje noko nytt her i det heile, slik har det vore heile tida. Eg har ikkje registrert at nokon i denne saka har foreslått at dette ikkje skulle vore lov heller, seier han.

15 prosent is

Regjeringspartia vart samde med Framstegspartiet om ein avtale allereie før helga. Måndag vart det klart at også Arbeidarpartiet og Senterpartiet var om bord.

– Vi skal få moglegheita til å flytte iskantsona om fire år, og at vi skal kunne opne grenseoverskridande felt nord for iskantsona, seier Dale.

– Alt vi fekk gjennom i forhandlingane med regjeringspartia, er òg med i avtalen med Ap og Sp, poengterer han.

I forslaget sitt gjekk regjeringa inn for at grensa for iskanten skulle setjast til 15 prosent. Dette er òg utfallet etter forhandlingane på Stortinget.

Saka er politisk betent fordi definisjonen av iskanten i praksis handlar om kor langt nord i Barentshavet det kan opnast for boring etter olje og gass.

Stortingsrepresentant frå Oslo Høgre, Stefan Heggelund. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

Brei semje

Høgres Stefan Heggelund, som har leidd forhandlingane, meiner avtalen sikrar verdiskaping og norske interesser, samtidig som viktige naturverdiar blir tekne vare på.

– Eg er veldig nøgd med at vi har fått ei så brei semje basert på utgangspunktet regjeringspartia hadde med Frp, seier han.

Mens Frp understrekar at avtalen i sum bidreg til å halde oppe vilkåra for olje- og gassnæringa på sokkelen, meiner Kjenseth han er ein siger for klimaet og eit sårbar havområde.

– Eg er svært glad for at iskanten blir flytta sørover. Det er no semje på Stortinget om ei heilt tydeleg grense for petroleumsverksemd i nord. Dette har lenge vore eit mål for Venstre, seier Ketil Kjenseth, som leiar energi- og miljøkomiteen.

– Eit lite steg for det tverrpolitiske samarbeidet

Tore Storehaug, Kristelig Folkeparti, Sogn og Fjordane. Foto: Stortinget

Også Kristeleg Folkeparti stod bak forslaget som kom frå regjeringa i april.

– Brei semje om ei definert grense for petroleumsverksemd er eit lite steg for det tverrpolitiske samarbeidet, men eit stort steg for hoppekrepsen, seier KrFs Tore Storehaug.

Saka blir gitt frå komiteen 11. juni og skal til debatt i salen 18. juni.

Les også: Kor er iskanten – og kvifor snakkar alle om han?

Illustrasjonsfoto: Shawn Ang, Unsplash.com