Regjeringa flyttar iskanten lenger sør – men miljørørsla er ikkje imponert

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 27.04.2020 08:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag heldt regjeringa pressekonferanse for å legge fram nye forvaltingsplanar for havområdahavområda Lofoten-Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen-Skagerrak.

Eit av hovudpunkta var kor dei vil ha iskanten.

Vil ha den iskanten lengre sør

Den politisk betente saka handlar i praksis om kor langt nord det kan opnast for boring etter olje og gass.

I dag går iskanten der det er 30 prosent sannsynleg med isdagar i april månad, sidan det er månaden isen går lengst sør. No vil regjeringa endre definisjonen og slik flytte iskanten sørover:

– Med ei grense ved 15 prosent isfrekvens tek vi betre vare på miljøet og reduserer risikoen for å skade sårbar natur, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

På pressekonferansen la han vekt på at denne iskanten går lenger sør enn den grensa som låg i iskantmeldinga i 2015.

– Den er i større grad ei føre-var-tilnærming for å ta vare på miljøverdiane, heldt han fram.

Denne illustrasjonen er utarbeidd av WWF, og syner iskanten som den var og dei ulike forslaga: 

Ekspertar med ulike råd

Dei faglege råda om kor grensa skal gå har vore svært delte.

Oljedirektoratet kjempa for ei grense der det er 30 prosent sannsyn for at det kjem is, medan miljøekspertane i utvalet har tilrådd å leggje iskanten der det er 0,5 prosent sjanse for is.

– Når vi får ulike råd, må vi som politikarar ta val. Etter ei samla vurdering har regjeringa valt å setje grensa for iskantsona, både som særleg verdifullt område og for petroleumsverksemd, ved 15 prosent isfrekvens, sa Rotevatn.

Klima- og miljøministeren drog også fram at sjøfuglen i området er særleg sårbare for oljeproduksjon. Regjeringa vil difor utvida området rundt kystsona i Troms og Finnmark der det ikkje er lov å leite etter olje i hekketida, frå 65 til 105 kilometer ut frå kysten, for å sikra at fuglane finn mat.

WWF: – Eit knefall for oljebransjen

Miljøorganisasjonane er lite imponerte over regjeringa sitt forslag:

– Regjeringa prøver å selje 15 prosent isfrekvens som eit kompromiss som ivaretek både miljøomsyn og næringsomsyn i iskantsona. La det vere heilt klart – dette er ingen «delvis miljøsiger»! seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdas naturfond i ei pressemelding.

Generalsekretær i WWF Verdas naturfond, Karoline Andaur besøkte iskantsona i 2017. Foto: WWF verdas naturfond.

WWF meiner regjeringa no bryt med føre-var-prinsippet, praksisen om at norsk havpolitikk skal vere kunnskapsbasert og ansvarleg klimapolitikk, ved å ikkje lytte til dei miljøfaglege tilrådingane.

– Det er eit knefall for oljebransjen på kostnad av det livsviktige dyrelivet i iskantsona og Arktis, seier Andaur.

Natur og Ungdom: – Miljøsvik

WWF får også støtte frå Natur og Ungdom, som hevdar regjeringa set naturverdiane i Arktis på spel for å blidgjere oljelobbyen.

– På same dag som millionar av barn og unge samlar seg for å streike skulen for klimaet, har regjeringa føreslått å ignorere dei faglege anbefalingane, fordi dei ikkje likte konklusjonen i rapportane dei sjølve har bestilt. Det er eit miljøsvik, seier NU-leiar Therese Hugstmyr Woie i ei pressemelding.

No håpar Natur og Ungdom på hjelp frå omkamp i Stortinget, og hjelp frå Venstre og KrF.

Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie. Foto: Thor Due, Natur og Ungdom