Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 14:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har kanskje fått med deg at Frp har teke til orde for ein «dynamisk iskant» og at tidlegare olje- og energiminister Sylvi Listhaug gjerne vil ha han nordover, men kor er eigentleg denne iskanten alle snakkar om?

Iskanten er området der isen i Arktis møter det opne havet. Alle er einige om at iskanten i nord går i Barentshavet (mellom Noreg og Svalbard) – men sidan is smeltar kvar vår er det usemje om kvar grensa går.

Tal isdagar i april

I dag går iskanten der det er 30 prosent sannsynleg med isdagar i april månad, sidan det er månaden isen går lengst sør. For at det vert rekna som ein isdag, må 15 prosent av havflata vere is. Forskarane har rekna ut sannsynet for is i april ut ifrå tidsperioden 1967-89.

I 2015 føreslo dåverande klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft (H) å bruka observasjonar frå nyare tid til å definera iskanten, noko som ville flytta grensa lenger 60-70 km lenger nord. (Sjå det inste feltet.) Det var det berre Frp og Høgre som støtta.

Den raude linja viser kor iskanten går i dag:

Illustrasjon: WWF

Fagleg usemje

Grunnen til at alle snakkar om iskanten akkurat no er at Regjeringa i løpet av 2020 skal leggja fram nye forvaltningsplanar for havområda Lofoten-Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen-Skagerrak.

Definisjonen av iskanten er viktig, fordi det legg føringar for kor langt nord ein kan opna for olje- og gassverksemd.

Faglig forum er ei ekspertgruppe som gir faglege råd om forvaltning av havområda. Dei har ikkje vore einige om ei tilråding: nokre meiner iskanten skal liggje der det er 30 prosent sjanse for is i april (der den er i dag), andre meiner han skal liggje der det er 0,5 prosent sjanse for is – som er lenger sør.

Karoline Andaur er konstituert generalsekretær i WWF Verdens naturfond. Foto: WWF / IVAN TOSTRUP

WWF fryktar for artsmangfaldet

WWF og andre miljøorganisasjonar vil at iskanten skal flyttast lenger sør for å verna om artsmangfaldet i området.

– Iskantsona er den biologiske motoren i Arktis, alt liv startar i stor grad ved iskanten kor me har eit uerstatteleg økosystem.

Det sa Karoline Andaur, fungerande generalsekretær i WWF i ei pressemelding i samband med lanseringa av rapporten «På kant med kunnskapen: Livet i Arktis trenger iskantsonen».

Oljenæringa ynskjer på si side at iskanten vert definert etter der isen til ei kvar tid er, noko som i praksis betyr at iskanten trekker nordover – og at det vert eit større område ein kan leite etter olje i.

Les meir om klima: – Svalbard er ei varsellampe for kva som kan kome til å skje 

Adventfjorden på Svalbard frys ikkje lenger til om vinteren. Foto: Bente Kjøllesdal