Greta Thunberg og fleire andre unge klimaaktivistar meiner regjeringa sitt forslag om iskanten er i strid med FNs barnekonvensjon.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fredag 24. april kom regjeringa med sitt forslag om å flytte iskanten litt lenger sør enn den er i dag. Då vil grensa for oljeverksemd i Barentshavet bli der det er havis omlag 15 % av dagane i april.
Torsdag har Stortinget hatt høyring om forslaget. I samband med høyringa har statsminister Erna Solberg (H) og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) fått eit brev frå 14 unge klimaaktivistar frå heile verda, representerte gjennom advokatfirmaet Hausfeld.
Aktivistane meiner Noregs planar om å vinne ut meir olje og gass strir mot FNs barnekonvensjon, som går ut på å verne barn frå truslar mot helsa og velværet deira.

FNs Barnekonvensjon, artikkel tre. Kjelde/illustrasjon: Regjeringen
Ber om å inkludera barn i avgjersla
Klagde inn kol-nasjonar til FN
Aktivistane er dei same som i fjor også sende brev til statsministeren, den gong for å be Solberg om å avvikla oljeproduksjonen fordi den bryt med FNs barnekonvensjon.

Children VS Climate change kjem frå Marshalløyene, Sverige, USA, Argentina, Brasil, Frankrike, Tyskland, India, Nigeria, Palau og Tunisia. Dei har fått advokathjelp til å verna kloden for framtida.
Dei same har også sendt klage til FNs komité for barns rettar, og klaga inn Argentina, Brasil, Tyskland og Tyrkia for å auka bruken av fossilt brennstoff, og dimed vere med på å forlenge klimakrisa.
- Les også: Kor er iskanten – og kvifor snakkar alle om han?
Iskanten er brennheit om dagen. Her er den magiske grensa som både er biologisk og politisk: