Skreiv Noregs beste eksamen – deler nynorsktips

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 16.12.2020 15:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skreiv Noregs beste eksamen på nynorsk

Ja, det går faktisk an å få betre enn seks på eksamen. Gjennom 102 år er Fridthiov Oos’ legat delt ut til dei beste eksamenssvara i hovudmålseksamen på nynorsk frå vidaregåande.

Mellom tidlegare vinnarar er tidlegare kringkastingssjef Einar Førde, nobelprisvinnar Edvard Moser og fleire politikarar og forfattarar.

– Det er kjekt å vete at eksamenenssvaret mitt var godt nok til å bli kåra til eitt av dei beste i Noreg, seier Herdis Auestad Nergaard (19) frå Sandnes.

Ho valde å skriva om språkmangfald i langsvaroppgåva på eksamen i fjor.

Til hausten har ho planar om å studera sosiologi ved NTNU i Trondheim.

Herdis Auestad Nergaard tok avgangseksamen i norsk ved Sandnes videregående skole i fjor vår. Foto: Privat

– Kva kan du tenkja deg å jobba med i framtida?

– Det er eg usikker på, men eg vil kanskje jobba som førelesar på eit universitet, seier 19-åringen.

– Har du nokre tips til elevar som vil forbetra nynorsken sin?

– Dei to viktigaste tinga ein bør gjera, er; a) lær grunnleggjande grammatikk og; b) skriv mykje. Fyrst må ein få på plass reglar som a- og e-infinitiv, korleis ein bøyer substantiv og a- og e-verb. Når ein føler ein har grei kontroll på dette, er det berre å skriva i veg. Ord som er ulike på bokmål og nynorsk, lærer ein etter kvart som ein skriv.

Vidare tipsar ho om å skriva om noko ein interesserer seg for.

– Det kan vera eit fag ein likar eller ein idrett ein driv med. Når ein har skrive ferdig, få ein norsklærar til å sjå over teksten, og kommentera det som er feil. Dei aller fleste hjelper gjerne til med dette. Det var ein taktikk eg brukte mykje då eg ville bli god i nynorsk.

Sjå kortsvaroppgåva til Herdis Auestad Nergaard her! Og langsvaroppgåva her!

Vann med feber og forkjøling

Anna Standal Tangen (20) frå Volda er snart ferdig med førsteåret på medisinstudiet i Bergen. At svaret hennar skulle bli kåra til eitt av dei tre beste i Noreg var fullstendig uventa for ho.

– Det er sjølvsagt veldig stas, særleg med tanke på at eg var forkjøla og hadde feber heile eksamensveka, så då eg kom heim, kunne eg nesten ikkje hugsa kva eg hadde skrive, skriv 20-åringen på epost til Framtida.no.

Anna Standal Tangen (20) gjekk ut frå Volda vidaregåande i fjor med Noregs beste eksamenssvar i norsk hovudmål. Foto: privat

Grunna korona har ho flytta heim igjen til Volda. Våren har i hovudsak vore prega av digital undervisning og eksamenslesning.

– Eg ser fram til å verta vanleg student igjen. Elles har eg nytta høve til å vera saman med vener frå vidaregåande og til å gå i fjella på Sunnmøre.

– Kva kan du tenkja deg å jobba med i framtida?

– Sidan eg er så tidleg i studieforløpet og framleis har mykje å læra, synest eg det er vanskeleg å svara konkret i høve spesialisering, men skulle eg ha valt i dag, hadde eg truleg hatt eit ynskje om å verta psykiater.

– Har du nokre tips til elevar som vil forbetra nynorsken sin?

– Ta eit aktivt val om å vere nynorskbrukar.

Sjå kortsvaroppgåva til Anna Standal Tangen her! Og langsvaroppgåva her!

Jenny Heggheim Myklebust gjekk ut frå Hafstad vidaregåande skule i Førde i fjor. Foto: Privat

Kjærleik og robotar

Jenny Heggheim Myklebust frå Førde vann med ein kreativ tekst om kjærleik og robotar.

– Det er utruleg kjekt, og kom verkeleg som ei overrasking! Då eg leverte eksamenen var eg usikker på om det skulle verte ein seksar eller stryk – eg hadde hatt det veldig kjekt med ein risikabel kreativ tekst som langsvar, så begge deler kjendest om lag like sannsynlege ut. Det er veldig artig med ei stadfesting på at eksamenen landa trygt i den første kategorien!

20-åringen har nett starta på ei femårig master i bioteknologi på NTNU i Trondheim, men koronasituasjonen har gjort at ho har vore mykje heime i Førde no i vår.

– Men eg har verken blitt smitta eller gått tom for dopapir, så eg vil seie at eg har hatt det bra, smiler ho.

– Kva kan du tenkje deg å jobbe med i framtida?

– Mitt største ønskje i min framtidige jobb er å på noko vis nytte bioteknologi til å betre verda – så får eg sjå om det er gjennom forskningsarbeid eller noko heilt anna eg kan oppnå det!

– Har du nokre tips til elevar som vil forbetra nynorsken sin?

– Det skal nok mykje til å verta heilt stø på nynorsken berre ved hjelp av norskundervisninga, så det eg vil anbefala dei som ynskjer å betra nynorsken sin er rett og slett å lesa mykje nynorsk. Leit etter nynorske utgåver av bøker eller andre verk du likar å lesa, og gjer nynorsken til ein naturleg og avslappa del av kvardagen!

Sjå kortsvaroppgåva til Jenny Heggheim Myklebust her! Og langsvaroppgåva her!

Forseinka utdeling

Juryen har lagt vekt på fagleg kunnskap, tekstkompetanse og skriveevne når dei har kåra dei tre vinnartekstane. Vinnarane er plukka ut mellom 42 innsendte eksamenssvar som alle er vurderte til karakteren 6.

– Det har vore ei glede å lesa desse tekstane frå ungdom som skriv så framifrå godt både når det gjeld språk og innhald, skriv Kirsti Lunde, Synnøve Marie Sætre og Olav Væhle Hauge i grunngjevinga si.

På grunn av problem forårsaka av koronastoda, blei utdelinga forseinka i år.

Les dei beste eksamenssvara i norsk frå dei sju siste åra her!

Fridthiov Oos’ legat

  • Eit legat grunnlagt av Fridthiov Oos’ i 1918. Det blir styrt av styret for Ivar Aasens fond.
  • Alle som får karakteren seks på eksamensoppgåva si i nynorsk hovudmål på vidaregåande, kan få stilen sin sendt inn til juryen.
  • Legatet går til dei tre beste hovudstilane på nynorsk til eksamen allmennfag i vidaregåande skule.
  • Tidlegare vinnarar inkluderer mellom anna tidlegare kringkastingssjef Einar Førde, direktør i Nynorskkultursentrum Ottar Grepstad, nobelprisvinnar Edvard Moser, direktør i Språkrådet Åse Wetås og fleire forfattarar og politikarar. Sjå lista her!
  • Sjå intervju og eksamenssvar til tidlegare vinnarar her!