Kjærleik og robotar – naturlegvis

Framtida
Publisert
Oppdatert 16.06.2020 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er onsdag. 18°, delvis overskya, vindstille, opphaldsvêr. Mamma serverer sine daglege påminningar – «Internettet kan ikkje erstatte menneskeleg kontakt, din vesle datanerd» og «dine likes kan aldri elske deg tilbake, ditt vesle geni» er velkjende refreng i songen av ditt liv.

«HÆ?» svarar du, svært pent (naturlegvis).

«EG KAN IKKJE HØYRE DEG. EG ER FOR OPPTEKEN MED Å FÅ ALL MIN KJÆRLEIK OG STADFESTING LEVERT INTRAVENØST FRÅ INSTAGRAM!», held du fram i di nest mest irriterande stemme, spesielt utvikla for å mobbe velmeinande mødrer. Du køddar, altså. 100%. Det einaste du får frå sosiale medium er hjarter, og kanskje eit ekstra hjarte, men i kommentarfeltet denne gongen, dersom du er superheldig. Nesten-men-ikkje-heilt tomme gestar, som til saman blir nesten-men-ikkje-heilt det anbefalte daglege minimumsinntaket av kjærleik og stadfesting, levert ikkje-i-det-heile-tatt intravenøst. Resten av kjærleiken får du frå mamma og Sumo, verdens beste hund (naturlegvis).

«Neida, mamma. Eg veit, eg veit, du har sagt det før, tru det eller ei. Eg har faktisk vore ute i dag, snakka med opp til fleire menneske, til og med. Sosialisering, samhandling, heile pakka!» Du er ikkje fullstendig forelska i sosiale medium, heller, uansett kva mor di seier – du er (naturlegvis) einig med folk flest i at det beste som har hendt dei siste åra er at Facebook har døydd. God kveld og takk for i dag, Facebook, kjem ikkje til å sakne deg. Kødda. Overdriving. Hyperbol. Det har hendt betre ting, altså, mykje betre. Verda er ikkje fullt så dritt. Den er faktisk ikkje dritt i det heile, nesten. Imponerande nivå av ikkje-dritt, rett og slett.

«Den teknologiske utviklinga går alt for fort, de bør vere redde, hjarta dykkar mørkredde av angst», sa dei. «Kunstig intelligens er ein eksepsjonelt dårleg idé, robotopprøret er rett rundt hjørnet no, og etter det vil verda gå under», sa dei. Skeptikarar altså, alltid ute etter å drite i andre si frukostblanding.

Folk frykta at teknologien skulle gjere verda kaldare, men den har berre blitt varmare, etter di meining. Ikkje bokstavleg talt, så klart – den globale oppvarminga fekk de under kontroll for lenge sidan (naturlegvis). Nei, det er menneska og samfunna deira som har blitt varmare. For første gong i menneska si historie får heile verda nok mat, so og seie alle har vasstett tak over hovudet, kloden står ikkje lenger på kokeplata, og det globale fattigdomsnivået har stupt – sei «takk, teknologi (og eliminasjonen av uetiske og pengesvoltne gigantselskap)», folkens!

Ironisk nok har teknologien ført folk nærare naturen – «ta DEN, skeptikarar!» humrar du til deg sjølv, ein gong i blant. Maskiner gjer det uattraktive husarbeidet medan menneska går tur, steller hagen, har vasskrig med ungane, og folk flest er lykkelegare som følgje (naturlegvis). Vasskrig er stort sett den einaste typen krig ein ser no for tida, når du først er inne på det. Det var ikkje så dumt å automatisere det kjedelege-men-nødvendige arbeidet for å få menneska inn i meir avanserte jobbar der det faktisk er behov for dei – 10 poeng til menneskeheita, altså! Kven skulle tru at alt som skulle til for å løyse verdas mest uløyselege konfliktar var litt tid og fleire menneske utan pengar og politisk makt som hovudmål som faktisk samarbeidde om saka? Rare greier, rare greier.

På individnivået står ting betre til, og – gode lærarar, sosialarbeidarar og helsearbeidarar, i tillegg til skikkeleg oppfølging gjer underverk for både det psykososiale og det fysiske. Akkurat det meiner du er mindre rart, då – du trenger ikkje ei utdanning for å innsjå at Meir Innsats For Å Betre Ting fører til at Ting Blir Betre.

Du skjønnar heller ikkje kvifor folk var så redde for robotopprøret, sånn seriøst. Det var fullstendig fredeleg, og den einaste store konsekvensen av det var at de fekk same rettar som menneska – i tillegg til andre koselege gode, som betre adopsjonsordningar for barnlause menneske. Du forstår framleis ikkje korleis folk kan sjå på det som noko negativt, men menneskesinnet er ei gåte utan ei løysing – det er ikkje alltid så godt å vite kva som går føre seg under topplokket.

3% BATTERI. KOBLE TIL LADESTASJON

Æsj. Du blir nok nøydd til å lade snart, om du skal halde deg ut dagen. Du er litt sjalu på mamma, som slepp å tenke på sånt.

«Mamma? Du, eg kan ikkje vere med å lage middag i dag, snart tom for straum. Gidd du å skru meg på att når eg er på 100%, eller?» Mamma smiler. «Klart det, gullet mitt. Set du Sumo på lading òg, når du først held på med det?» «Naturlegvis», nikkar du, og traskar mot rommet ditt med hunden i hælane.

 

ØNSKJER DU

               LADE (8t)                  HURTIGLADE (2t 22min)

?

«HURTIGLADING» VALD

.

VER VENLEG Å IKKJE FORSTYRRE

.

DJUP SØVNMODUS AKTIVERT

.

. . .

. . . . .

. . . HURTIGLADING . . . . 2t 22min TIL FULLSTENDIG OPPLADING . . .

 

Kjelder:

LES FLEIRE GODE EKSAMENSSVAR HER!

Fakta: Oppgåveteksten

I 2019 fekk VG3-elevane på studieførebuande velja mellom fire langsvaroppgåver på eksamen i norsk hovudmål. Jenny Heggheim Myklebust valde oppgåve 3, der elevane skulle skriva ein kreativ tekst med utgangspunkt i tre vedlegg om teknologi og menneske.

Svaret til Jenny Heggheim Myklebust blei kåra til eitt av dei tre beste i Noreg.

Sjå alle eksamensoppgåvene her! (ekstern lenkje)

Sjå svaret til Jenny Heggheim Myklebust på kortsvaroppgåva her!