Noregs beste eksamenar: «Noregs Mållag på Facebook»

Framtida
Publisert
Oppdatert 16.06.2020 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Facebook-sida til Noregs Mållag har eit todelt hovudformål ved å fremje at nynorsk er eit levande språk, samstundes som sida ynskjer å få folk til å melde seg inn i organisasjonen. Eg vil no forklare korleis retoriske appellformer er nytta for å oppnå dette formålet.

Noregs Mållag vart stifta i 1906 og har ein lang tradisjon som organisasjon for nynorsk skriftspråk (snl.no, 2014). Dette gjer at organisasjonen i seg sjølv har sterk etos. I tillegg blir etos styrka av det høge ”likartalet” på sida.

Faktaopplysningar, som mellom anna at ”kjærleik” har blitt kåra til Noregs vakraste ord av VG i 2004, appellerer til logos og viser at nynorsk er aktuelt. Samstundes styrkar desse opplysningane patos, ved å byggje opp ei stolt kjensle rundt det å vere nynorskbrukar. Mottakarane er gjerne nynorskbrukarar, som er ein minoritet i Noreg. Likevel får ein presentert at 600 000 brukar nynorsk. Sida appellerer såleis også til patos ved å skape ei fellesskapskjensle, som blir tydlegare dersom ein melder seg inn: ”Saman er ein mindre åleine!”

Kairos for sida er Facebook, og her blar brukarane seg fort forbi mange innlegg. Difor fungerer det godt at sida har nytta bilete med korte verbaltekstar. I tillegg viser bruken av sosiale medium at nynorsk er eit moderne språk; #eitlevandespråk.

Gjennom bruken av dei retoriske appellformer, fremjar Noregs Mållag at sjølv om nynorskbrukarar er i mindretal, så er nynorsk eit levande språk. Ved å melde seg inn i organisasjonen, står nynorskbrukarar saman, slik at nynorsk også framover vil eksistere.

Kjelder:

Store norske leksikon (2014). ”Noregs Mållag”. Henta 23.05.19 frå https://snl.no/Noregs_M%C3%A5llag.

Les fleire gode eksamenssvar her!

Fakta: Oppgåveteksten

I 2019 fekk VG3-elevane på studieførebuande éi kortsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål. Sjå oppgåva her!