Eit levande språk

Framtida
Publisert
Oppdatert 16.06.2020 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs Mållag er Facebook-sida til språkorganisasjonen ved same namn. Skjermbiletet av sida vart teke 15.11.18

Facebook-sida sitt blikkfang er hovud-banneret, der mottakaren får ei oppfordring: «Meld deg inn!» Hovudføremålet med sida er altså å få mottakaren til å melde seg inn i Noregs Mållag. Hovudmålgruppa er nynorskbrukarar, noko ein ser på bruken av og fokuset på skriftspråket på sida

Noregs Mållag har ein profesjonell logo og er verifisert på Facebook, noko som aukar sida si truverd. Bruken av nynorsk får også sida til å verke ærleg og oppriktig. Alt dette styrker sida sin etos, og gjer lesaren meir villig til å melde seg inn i Norsk Mållag.

Mållaget brukar logos i «Visste du at»- bileta på sida. Nynorskrelaterte fakta som «Visste du at Noreg var ein av dei fyrste formelt fleirspråklege landa i verda?» vekker interesse for både nynorsk og Mållaget hos lesaren. «Visste du at»-bileta nyttar i tillegg patos – ved å formidle positiv eller overraskande informasjon om nynorsk, freistar Mållaget å gjere lesaren stolt av skriftspråket. Det kan gje mottakaren meir lyst til å melde seg inn. Noregs Mållag brukar også appellforma i oppfordringa «Saman er ein mindre åleine! Meld deg inn!» (Noregs Mållag, 2018). Her spelar organisasjonen på ønsket om tilhøyrsle og fellesskap, og presenterer mottakaren med ei løysing – å melde seg inn i Mållaget. Oppfordringa er også fornuftig – ein er jo mindre aleine saman – så her spelast det også på logos.

Les fleire av dei beste eksamenssvara her!

Fakta: Oppgåveteksten

I 2019 fekk VG3-elevane på studieførebuande éi kortsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål. Sjå oppgåva her!