«Meld deg inn i Noregs Mållag!»

Framtida
Publisert
Oppdatert 16.06.2020 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs Mållag, ein av dei to store språkorganisasjonane i Noreg, har ei eiga Facebook-side, og formålet med denne er å få folk til å melde seg inn i organisasjonen.

Blant anna bruker Noregs Mållag etosen sin for å oppnå dette. På sida får ein vete at over 14 000 personar liker ho, og at ho har meir enn 13 000 følgjarar. Dette styrkjer omdømmet til organisasjonen som ein som har oppslutnad frå mange i samfunnet. Gjennom dette vil mottakarane sjå at organisasjonen må vere ei tydeleg røyst i samfunnet, og som taler for mange.

Logosappell er òg viktig på Facebook-sida. Gjennom dei to bileta til venstre ser ein at nynorsk ikkje er eit daudt språk. Nynorske ord er vakre og levande, og litteratur på målforma er internasjonalt anerkjend og omsett. Mottakarane ser då at dei ikkje bruker eit daudt språk, og at det finst nokon som veit dette og promoterer det.

Avsendaren bruker likevel patosappell som det sterkaste verkemiddelet for å oppnå målet. Overskrifta «Saman er ein mindre åleine![…]» og opplysninga om kor mange som bruker nynorsk, skal få nynorskbrukarar til å sjå at dei ikkje står åleine. Dette er nemleg ei kjensle som går igjen hos mange av dei. Ved å vise at det finst ein organisasjon som jobbar for deira sak, vil dei nok føle at dette er noko dei vil ta del i, og dermed melde seg inn.

Ved å promotere nynorsk som eit levande språk, og ved å spele på både fakta og kjenslene til mottakarane, forsøker Noregs Mållag å få desse til å melde seg inn i organisasjonen.

Fakta: Oppgåveteksten

I 2019 fekk VG3-elevane på studieførebuande éi kortsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål. Sjå oppgåva her!