Ukrainske Dmitrij (19) har omsett Telegram til nynorsk
Dmitrij Pisarskij valde nynorsk på grunn av namnet. No skriv han på ein roman og har omsett ein app til nynorsk.

– Eg brukar ikkje omsetjarar som Google og Microsoft, for dersom ein brukar dei kan ein ikkje læra seg språk. Dei brukar det som narkotika, ler Dmitrij Pisarskij.
Når Framtida.no snakkar med Dmitrij sommaren 2025 er det to år sidan han kom som flyktning til Stavanger. Etter tre dagar på eit hotell som fungerte som midlertidig mottak vart han sendt vidare til eit asylmottak i Farsund kommune.
NY norsk
At han valde nynorsk som hovudmål er eigentleg ganske tilfeldig.
– Eg stod på Extra og tenkte eg bør setja norsk tastatur på telefonen min. Og så såg eg at det var to: Nynorsk og bokmål. Eg tenkte: Den er ny, den skal eg velja, seier Pisarskij til Framtida.no.
Han snakkar tydeleg normert nynorsk, og har lagt seg på ei konservativ linje når det kjem til rettskriving.
Når Framtida.no møter han, er han busett i Oslo, der han går på «komprimert laup» VG3 ved Kuben vgs. Hausten 2025 fortsette han på Hellerud vidaregåande skule, der han òg er einaste nynorskeleven i klassen.
Forstår dialektar
– Kva er reaksjonane på språket ditt?
– Nokre trur at eg kjem frå Noreg, at mora mi kom til Noreg for nokre år sidan. Dei andre spør meg: Kor har du vore før Oslo? ler Pisarskij.
Han er svært språkinteressert og har overraska lærarane sine i Noreg med det nynorske språket han har tileigna seg.
– Det er absolutt føremon at eg kan forstå ord som dei andre ikkje kan forstå. Eg kan lesa mange ord og forstå dei. På grunn av at eg brukar nynorsk kan eg til og med forstå islandsk litt, og mange ulike dialektar, så det er bra, smiler ukrainaren.
Problem for innvandrarar
Han meiner det er eit problem at mange nynorske kommunar ikkje tilbyr opplæring i nynorsk.
– Då får innvandrarane problem med det, fordi dei ikkje kan forstå folk som talar med dei, seier Pisarskij, som synest det er problematisk at innvandrarar må læra seg nynorsk på eige initiativ.
– Eg trur det er viktig at dei norske skulane skal gjeva nokre døme på to ulike skriftspråk, så skal innvandrarane velja sjølv kva dei likar best. For det som skjer no er ikkje likestilling. Det er pressing av bokmål, seier han.
Språklege likskapar
Pisarskij er ein ekte språknerd som har fatta interesse for norsk språkhistorie og dei norrøne røtene til språket.
For å læra seg perfekt nynorsk tipsar nynorskentusiasten om å finna samanhengar mellom nynorsk og ditt eige språk.
Eit døme er hankjønn og hokjønn i språket, som òg morsmålet russisk har.
– På russisk kan eg seia mы og på nynorsk er det me, smiler Pisarskij, som i likskap med mange ukrainarar i heimregionen Odessa snakkar russisk.
Planen er å studera nordisk språk ved Høgskulen i Volda, etablera seg i Noreg og bli norsklærar og forfattar.
App-utvikling
– Eg kjenner meg veldig bra her. Eg likar denne kulturen. Eg likar dette landet og eg vil arbeida for å utvikla dette landet, språk, kultur og så vidare, forklarar Pisarskij.
Han har allereie sett i gang arbeidet med å utvikla språket.
Då han kom til Noreg oppdaga han at appen Telegram ikkje var like vanleg i bruk som i heimlandet Ukraina, og at det mangla ein nynorskversjon.
Difor har Pisarskij omsett appen til Windows 8.1 og nyare, Linux, macOS og Android, og planlegg å laga ein iOS-versjon i framtida.
Han har allereie brukt rundt fire månadar på arbeidet, og fiksar stadig bugs.
«Eg skal byrja med å setja om iOS-versjonen so snart eg greier Android-versjonen. Lenkja er den same for alle plattformene, so ein med iOS kan alltid trykkja på henne og sjekka framgangen,» skriv han i ei oppdatering til Framtida.no.
– Gull verd for nynorsken
Han har òg vorte medlem i Norsk Målungdom.
Leiar i Norsk Målungdom, Sebastian Natvik, har helst på Pisarskij på eit møte. Han synest det er veldig gøy å høyra om arbeidet han har gjort med å omsetja Telegram-appen til nynorsk.
– Det finst eit behov for nynorskversjonar av alt, vil eg seia. Programvare som er tufta på eit slags demokrati der du kan driva dugnadsarbeid for å omsetja er gull verd for nynorsken. Me ser jo at dei store selskapa nedprioriterer norsk språk, og spesielt nynorsken, igjen og igjen. Og då er det utruleg fint med programvare som tilbyr slike opne løysingar, seier Natvik på telefon til Framtida.no.
Han viser til Facebook og Minecraft som døme på programvarer som òg har opna opp for dette.
Målungdomsleiaren har ikkje nokre tankar om slike omsetjingar bør leggja seg på ei konservativ eller moderat linje, så lenge det er eit godt norsk språk.
– Målrørsla er ikkje tent med å henga seg opp i kva former som blir brukt. Det viktigaste er at ein skriv nynorsk, understrekar han.
Ingen forskjell
Mållagsleiaren synest det er utruleg imponerande og veldig inspirerande at Dmitrij Pisarskij har lært seg nynorsk på eiga hand.
– I diskusjonsforum der folk diskuterer «Hei, burde eg læra meg nynorsk eller bokmål?» så ser du det farga biletet du får av «du burde læra deg bokmål, flest folk brukar det» eller «det er då du blir forstått best», seier Natvik, og understrekar:
– Men det er jo ingenting i vegen med å læra nynorsk. Ein ser at det er utruleg mange fordelar av å læra seg nynorsk. Det hjelper jo med dialektforståinga, ikkje minst. Så det er berre utruleg flott at folk hoppar i det.
Han synest det er utruleg synd at ikkje fleire innvandrarar i nynorskkommunar får høve til å læra nynorsk, noko som er ei kampsak for Mållaget.
– Det er jo ein ting at du som elev kanskje vert busett i Oslo, og då vert det jo fort bokmål, men òg i nynorskkommunar der elevane kanskje får nynorskopplæring, så får foreldra deira bokmålsopplæring i vaksenopplæringa. Der òg møter ein mykje av dette om at «nynorsk er eit vanskelegare språk» og at det ikkje er «venleg for innvandrarar», men det er ingen forskjell i å læra seg nynorsk og bokmål, understrekar Natvik.