Vinter eller vår?

Framtida
Publisert
Oppdatert 10.06.2020 07:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Novella ”Vår” er skrive av Tove Ditlevsen og vart utgitt i novellesamlinga Den fulde frihed i 1944. Denne samlinga er ei av fleire av Ditlevsen som vert skildra som ”følsomt psykologiske fortellinger”, som er prega av ”varsom forståelse og bittert kjennskap til hverdagens konflikter og problemer” (snl.no, 2019). Denne skildringa stemmer også godt for novella ”Vår”, som tematisk tek for seg indre konfliktar i møte med kjærleik og menneskelege relasjonar. Eg vil no tolke denne novella.

Den ytre handlinga i novella er avgrensa. Ho handlar om ”han” og ”hun”, og tek til ved at han sit på den faste kafeen deira og ser at ho kjem. Inne kler ho av seg, og ho ler og snakkar, men ser ikkje på han. Når han sprø om ho er forelska, stadfestar ho dette, før ho tek han i handa og går. Det er den indre handlinga som utspelar seg mellom desse personane som er i fokus. Sjølv om alt verkar tilsynelatande normalt, merkar han allereie før ho kjem, at noko er endra, og dette gjer han urolig. Han får stadfesta at noko er annleis, ved at ho ikkje sette seg ved sida av han, og han kan merke at ho er forelska.

Novella har ein kronologisk forteljarmåte. Handlinga går føre seg over eit kort tidspunkt, berre eit kafébesøk, og inneheld få karakterar, noko som er karakteristiske trekk for noveller. Ho byrjar med at dama er på veg inn i kafeen og avsluttar med at ho er på veg ut igjen, og novella har difor sirkelkomposisjon. Dette fører til at handlinga har ei tydeleg byrjing og slutt på den ytre handlinga. Likevel kan slutten forståast både som lukka og open, noko som eg vil kome attende til. Spenninga byggjer seg opp etterkvart som mannen presenterer at noko er annleis, og når klimakset når han får stadfesta at ho er forelska, noko som vert følgt av at ho forlét kafeen.

Det er mogleg å forstå synsvinkelen i novella på to måtar. På den eine sida viser ho seg som å vere skriven med ein autoral, allvitande synsvinkel. På den andre sida er det likevel er det ein skilnad i innblikket lesar får av det indre til mannen og dama. Det verkar nemleg som om lesar har full tilgang på tankane til mannen: ”Han tenkte på at hun kom senere enn hun pleide, og selv før han så henne, ble han fylt av en ubestemmelig smertelig uro.” Skildringane av dama, derimot, er meir refererande: ”Hun sa: Har du lagt merke til at det er begynt å bli vår?” I tillegg er desse skildringane prega av hans observasjonar av henne: ”Han så at hun var svært nervøs og svært lykkelig.” Dette gjer at novella er prega av ei viss uvisse rundt informasjonen ein får av kvinna. Nyttar ein sekvensen ”Hun ville si noe trøstende, noe om å være venner tross alt, men han så ikke på henne lenger, og han tok ikke hånden hennes” som døme, kan ein på den eine sida forstå dette som hennar tankar. Dersom ein heller oppfattar novella som skriven frå perspektivet til mannen, kan ein forstå dette som det han trur ho tenker. I så fall får novella eit preg av å ha ein nærmast personal synsvinkel, til tross for at karakterane blir omtala i tredje person. Ein slik tvitydig synsvinkel har som funksjon at novella kan tolkast på ulike måtar. Med ein meir personal synsvinkel, kan ein forstå handlinga som at dama forlèt mannen, medan ein autoral synsvinkel opnar for høvet om at tankane om at ho er forelska i ein annan stammar frå han. I så fall fortel den ytre handlinga berre at ho innrømmer å vere forelska. Kanskje innrømmer ho at ho er forelska i han? Eg har likevel valt å tolke novella som mannen sine reaksjonar på at dama innrømmer å vere forelska i ein annan.

Utifrå personskildringane i novella, verkar dei to personane ganske ulike. Det er fleire direkte skildringar av dama. Mange av desse er knytte til denne konkrete dagen, men kan likevel gi eit inntrykk av henne som person. Ho vert skildra med ”røde og friske” kinn”, eit ”pust av ungt vintervær sto omkring henne” og ho ”lo mye, og snakket ivrig om hvor kaldt det var og hvor friskt det var ute allikevel.” Dette gir inntrykk av ein livleg og optimistisk person, fylt av eit ”stort lys inne i henne”. I tillegg skildrar han henne som ”meget vakker” og han omtalar henne som ”uoppnåelig”. Det verkar heller ikkje som om ho er så bunden av konvensjonar, for han trekk fram at ho trassar trafikkreglar. Kanskje er dette ein person som er godt likt av mange og som er van med å få mykje merksemd? Dette kan resultere i at ho likar forandring og spenning: ”Hvorfor sitter vi bestandig her, egentlig, sa hun høyt, det er virkelig kjedelig her,” og eg oppfattar ho såleis som ein dynamisk person.

Inntrykket ein får av mannen er basert på indirekte personskildringar, gjennom hans kjensler og reaksjonar. Desse er forsterka gjennom bruken av språklege verkemiddel. Medan ho ser fram mot endringar, verkar han trist over at ei periode er forbi, noko som han samanliknar med at han ”sto og så på et tog som kjørte bort, og som han absloutt skulle ha vært med. Det gjaldt liv eller død å komme med det toget, det var det siste for han.” Kontrasta mellom liv og død får enda sterkare tyngde ved at ”Hjerte hans banket tungt, bedrøvet.” Ettersom ein døyr når hjartet sluttar å banke, forstår ein at han er svært trist. Ho må altså ha betydd mykje for han, så når han forstår at noko er endra ved henne, reagerer han med ein ”fornemmelse av angst” og når ho innrømmer å vere forelska, tenkte han ”Jeg kan dø.” Medan ho synest det er keisamt å alltid vere på den vesle kafeen, set han seg ”ved det samme bordet hvor de møttes hver ettermiddag.” Kontrasten mellom dei er også stor når ho går ”fort og lett” ut frå kafeen, medan han ”rørte seg ikkje, men sank liksom sammen i kroppen.” På den andre sida kan reaksjonane hans også forståast som heilt ordinære reaksjonar på at eit forhold med ein person ein er svært glad i er over, noko som fører til tankar om tida som er fobi; ”Han skulle aldri mer røre henne, aldri mer kysse henne.”. Det kan også verke som at han ynskja at dei skulle halde fram med å vere ilag, og var difor innstilt på å ofre meir enn henne for ”kjærlighetens risiko”. Totalt sett forstår eg difor han som ein statisk person.

Også i miljøskildringane i novella er kontrastar utprega. Utanfor kafeen er det snøstorm, som ”folk kjempet seg frem mot”, medan ho gjekk inn og ”trampet sneen av føttene”, varma hendene på radiatoren og ”snakket ivrig om hvor kaldt det var og hvor friskt det var ute allikevel.” Ho fokuserer også på at det byrjar å bli vår, noko han ikkje har lagt merke til. På mange måtar vil eg seie at dette er kjernen i novella, noko tittelen ”Vår” underbyggjer. Medan vinteren er mørk og kald, representerer våren at lysare tider er i møte. Dagane blir lengre og varmare, trea får blad igjen og blomstrane byrjar å blomstre. Difor er det knytt mange forventningar til våren. Dama i novella ser truleg fram til slike fine endringar og vel å fokusere på at det snart er vår, til tross for at alle rundt heller kjempar mot ein snøstorm. Dette kan forståast som ein bodskap i novella, og er i mange høve i livet ein viktig lærdom.

Når dama har gått frå kafeen, avsluttar novella med at ”Det begynte og bli mørkt, stormen hadde lagt seg. En kelner banket ham på skulderen: Unnskyld, regningen!” For mannen kan miljøskildringane her og mørket representere sorga han kjenner over å ha mist dama. Den fine og lyse tida er over, og ein kan forstå slutten som ei trist avslutning prega av sorg. Samstundes kan ein tolke det at kelneren kjem med rekninga, som at mannen blir drege attende til kvardagen. Han kan ikkje dvele med sorga i all tid. Kanskje er det såleis mogleg å forstå slutten som ei opning til at også han vil finne glede igjen. Det vert trass alt lyst igjen dagen etter, på lik linje med at våren alltid vil kome igjen etter vinteren. Difor er det også mogleg å forstå tittelen som eit eventuelt frampeik mot at også mannen vil oppleve gleda over våren. Novella vart skriven i 1944, altså under den andre verdskrigen, og set ein novella inn i eit historisk perspektiv, kan ein forstå denne tankegangen som eit mogleg håp om fred, noko tittelen på samlinga, Den fulde frihed, forsterkar.

Kjelder:

Store norske leksikon (2019). ”Tove Ditlevsen”. Henta 23.05.19 frå https://snl.no/Tove_Ditlevsen.

LES FLEIRE GODE EKSAMENSSVAR HER!

Fakta: Oppgåveteksten

I 2019 fekk VG3-elevane på studieførebuande velja mellom fire langsvaroppgåver på eksamen i norsk hovudmål. Anna Standal Tangen valde oppgåve 4, der elevane skulle tolka novella «Vår» av Tove Ditlevsen, 1944, og skrive om både form og innhald i novella og bruka relevant fagspråk og konkrete eksempel frå teksten.

Svaret til Anna Standal Tangen blei kåra til eitt av dei tre beste i Noreg.

Sjå alle eksamensoppgåvene her! (ekstern lenkje)

Sjå svaret til Anna Standal Tangen på kortsvaroppgåva her!