Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inntaket til vidaregåande skular i Vestland bør ikkje berre baserast på karakterar, og alle elevane i Vestland fylke bør ha rett til å gå på ein skule i nærleiken av der dei bur. Det  meiner eit fleirtal av hovudutval for opplæring og kompetanse.

Bakgrunnen for vedtaket er at fylkestinget seinare i år skal vedta kva modell som skal gjelda for inntak til vidaregåande skular i Vestland.

Råd om å dela inn etter tidlegare fylker

Fylkesrådmannen har rådd til at fylket blir delt i to inntaksområde – tidlegare Hordaland og tidlegare Sogn og Fjordane.

Innanfor desse regionane meinte fylkesrådmannen at karakterar bør avgjera kva skule og utdanningsprogram elevane kjem inn på.

Ikkje berre basert på karakter

Denne prioriteringa er ikkje fleirtalet i hovudutval for opplæring og kompetanse einige i.

Fleirtalet føreslår heller at Vestland fylkeskommune følgjer det såkalla nærskuleprinsippet, skriv fylkeskommunen i eit nyheitsbrev.

Det betyr at elevane skal få plass på ein skule nær der dei bur, og at inntaket ikkje berre skal vera basert på karakterar.

– Ein rett, ikkje ei plikt

Fleirtalet ønskjer samstundes at elevar som ønsker det, skal ha rett til å søkja seg til andre skular i Vestland, heiter det.

– Nærskuleprinsippet handlar om at vi ønskjer å ha eit meir rettferdig inntakssystem som ikkje berre baserer seg på karakterar, seier Karianne Torvanger, som er leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.

Dei ønskjer også å gje elevane våre fleire rettar ved at dei får ein rett til å gå på nærmaste skule.

– Dette er altså ein rett og ikkje ei plikt. Det vil difor vera mogleg for elevane å søkja seg til andre skular om dei av ulike grunnar ønskjer det.

Hovudutvalet meiner også det bør vera eit prinsipp at ingen elevar skal ha ufrivillig lang reiseveg.

Fleirtalet i hovudutvalet ønskjer også at alle elevar på studieførebuande utdanningsprogram skal ha rett til å fullføra utdanninga si på den skulen dei startar på.

Fylkestinget gjer endeleg vedtak i saka til hausten.

I april i år stemte Stortingsfleirtallet ned forslaget frå Frp om at alle fylker skal innføre fritt skuleval i vidaregåande opplæring.