«Ingen er teke frå fridomen, elevane har berre fått fleire rettar»

Stian Davies og Sandra Tenud, ungdomskandidatar til Vestland fylkesting for Arbeidarpartiet
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

At Bergen Unge Høgre ynskjer karakterbasert inntak med mest mogleg konkurranse overraskar ikkje, men det kjem som en overrasking at også Vebjørn Leite Olsen frå Unge Høgre i Sogn og Fjordane ynskjer det.

For løysinga til Høgre vil berre bygge ned Sogn og Fjordane og sende dei svakaste vekk frå vener og familie.

Rett til nærskule

For Arbeidarpartiet er det aller viktigaste at kvar einaste elev får moglegheita til å lukkast, uansett kor du bur.

Alle elevar skal ha moglegheit til å søkje på den skulen dei vil

Alle elevar skal ha moglegheit til å søkje på den skulen dei vil, men også ha ein rett til å gå på ein skule i nærleiken av der dei bur. Slik er det i Hordaland i dag, og slik vil vi ha det i heile Vestland. Ingen er teke frå fridomen, elevane har berre fått fleire rettar.

Tenk på Oda som slit på skulen, har det vanskeleg psykisk og opplever ikkje den støtta heimanfrå som ho treng. Ho ynskjer å gå på nærskulen, men har ikkje karakterane til det. Med Høgre si løysing må Oda bu på hybel langt vekke frå familie og vener. Med Arbeidarpartiet si løysing får ho gå på skulen nærast seg.

Skummel stykkprisfinansiering

Men Høgre sin politikk skadar ikkje berre dei som slit på skulen, den skadar heile Sogn og Fjordane.

Høgre ynskjer stykkprisfinansiering i skulene. Kva skjer då?

Om elevar søkjer seg til skuler i Hordaland, vil skulane i Sogn og Fjordane miste pengar

Om elevar søkjer seg til skuler i Hordaland, vil skulane i Sogn og Fjordane miste pengar. Då blir det ikkje nok pengar til å oppretthalde linjer på VGS, eller kanskje ikkje nok til å oppretthalde heile skular. Takka være Høgre.

Kamp mot stipendkutt

Dette er ikkje fyrste gongen regjeringspartia har gått til angrep på distriktsungdommen i fylket.

Tidlegare har dei forsøkt å kutte i bortebuarstipendet og fjerne fridomen til 230 elevar i fylket. Blant anna Evy Søreide som måtte ha slutta på fritidsaktiviteter og flytta heim for å pendle fleire timar til skulen sin kvar dag.

Dette smålige angrepet på fridomen til ungdom i Sogn og Fjordane er vi stolte over at Arbeiderpartiet stansa.

Skulefrukost, helsesjukepleiarar og læreplass

Høgre høyrer ikkje på korleis folk har det i Sogn og Fjordane.

Det gjer vi i Arbeidarpartiet. Vi vil bygge vidare på skulene i Sogn og Fjordane. Vi vil innføre gratis skulefrukost, få enda fleire helsesjukepleiarar og tilsetje skulepsykologar.

Skulene skal ha varierte tilbod, og alle som går yrkesfag skal få læreplass.

Godt val!

Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no!