Regjeringa føreslo fritt skuleval i alle fylke – møter massiv motstand

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg meiner makta bør bli flytta ned til den det gjeld, altså til eleven og ikkje fylkespolitikarane, sa utdanningspolitisk talsperson i Høgre, Mathilde Tybring-Gjedde, i Politisk kvarter på onsdag.

Vil la fylka velje sjølv

Regjeringspartia sitt forslag om å innføra fritt skuleval i alle landets elleve fylke har vore ut på høyring.

Av 120 høyringssvar som Utdanningsdirektoratet har publisert, avviser 82 begge alternativa frå regjeringa. 

NRK melder at ingen av organinisasjonane som taler på vegner av elevar, lærarar, skuleeigarar, fylka eller arbeidstakarorganisasjonar støttar forslaget.

Forslaget frå regjeringa er at alle fylke skal ha fritt skuleval innanfor fylket sine grenser, eller i eit avgrensa område innafor fylkesgrensene.

Organisasjonane som har svart på høyringa tek til orde for at fylka på same måte som i dag, skal stå fritt til å velje inntaksmodell til sine vidaregåande skular.

Flest fylke har fritt skuleval

Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal er blant dei som har kritisert omgrepet fritt skuleval og argumenterer for at karakterbasert opptak er meir dekkande for ordninga, fordi berre dei flinkaste kan velje fritt.

Tybring-Gjedde er einig i at fritt skuleval ikkje er perfekt, men meiner at inntak på kor foreldra har råd til å bu, heller ikkje er rettvist.

Martin Henriksen, Arbeiderpartiet. Foto: Stortinget

Utdanningspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Martin Henriksen, meiner at fylka skal kunne velje inntaksordning sjølv. Han peikar på at fylka er svært ulike i geografi og storleik, noko som gjer at systemet som passar best for elevar i Oslo, ikkje nødvendigvis er det beste i Troms og Finnmark.

Før samanslåingane i 2020 hadde ni av dei norske fylka fritt skuleval, fem fylke hadde fritt skuleval innafor avgrensa område, medan berre fire følgde nærskuleprinsippet.

Betre karakterar, men meir segregering

I ei studie frå Hordaland fann ein at elevane fekk betre karakterar i tiande klasse då dei innførte fritt skuleval, men NIFU-forskar Astrid Marie Jorde Sandsør ser òg nokre baksider.

– Ulempene ved fritt skuleval er at vi får meir segregering i form av karakternivå, etnisk bakgrunn og sosial bakgrunn, seier ho til NRK.