Målrørsla: – Stortinget må rydde i Abid Raja si språklov

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag, 135 år etter jamstillingsvedtaket, legg regjeringa fram den aller fyrste språklova i noregshistoria. Ho blei ikkje heilt slik som mållagsleiaren hadde ønskt.

– Det er veldig bra at regjeringa eksplisitt lovfestar det offentlege sitt ansvar for å styrkje nynorsken. Det er historisk! Det er likevel skuffande at regjeringa ikkje har nytta dette historiske høvet til å kome med ein skikkeleg offensiv språkpolitikk i tråd med føremålet som står i lova, seier Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding.

Han er likevel glad for at fylkeskommunane no får fleire plikter til å oppfylle nynorskbrukarane sine rettar. Det synest han er ei klar forbetring, sjølv om lova ikkje går like langt som framlegget Trine Skei Grande sende på høyring.

– Vanskelegare for staten å oppfylle lovkrava

Der tilsette i staten i dag må kunne skrive både nynorsk og bokmål, vil regjeringa leggje ansvaret på statsorgana sjølve. Det kan bety at nynorskkompetansen kjem i form av ein innleigd språkkonsulent. Dette vil føre til endå mindre nynorsk i staten enn vi ser i dag, meiner mållagsleiaren.

– Det er vanskeleg å sjå korleis ein skal nå målet om å styrkje nynorsken som det minst brukte språket, samstundes som ein føreslår eit regelverk som i ytste konsekvens gjer at berre ei handfull personar i kvart statsorgan treng å meistre begge dei to jamstilte norske språka, seier Peder Lofnes Hauge.

– Dette er eit språkpolitisk spørsmål som høyrer heime hos dei folkevalde i Stortinget, og ikkje hos den administrative leiinga i til dømes Statsbygg.

– Feiga ut på fylkeskommunane

I regjeringa sitt fyrste framlegg til språklov vart det stilt talfesta krav til målbruk i fylkeskommunane. Det ville gjeve meir nynorsk i dei områda der nynorsken lever særleg utsett, som nynorskområda på Austlandet.

– Vi tykte det var spenstig og nytenkjande språkpolitikk for framtida. No har regjeringa gått vekk frå eigne gode framlegg og gjort det opp til godviljen til tilfeldige politiske fleirtal å avgjere om folket skal møte nynorsk frå fylkeskommunen sin, seier Peder Lofnes Hauge.

Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold. Foto: Ingunn V. Steinsvåg

– Slik lova er no, er det til dømes opp til fylkeskommunane sjølve å vurdere kor stor del nynorsk dei bør bruke. Vi er redde for at dette fører til minimal nynorskbruk i fylkeskommunar der nynorsken er i mindretal, som til dømes i Vestfold og Telemark, seier leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold i ei pressemelding.

Målungdommen reagerer spesielt på at lova ikkje kjem med sanksjonar. Her får dei støtte frå både Mållaget og Nynorsk kultursentrum.

Krev betre rammevilkår for unge nynorskbrukarar

Nynorsk kultursentrum meiner lova og meldinga burde gått lenger i å gi betre rammevilkår for nynorskbrukarane.

– Det blir gjort for lite for at unge nynorskbrukarar skal få sjå språket sitt på alle område, seier styreleiar Lodve Solholm i ei pressemelding.

Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum og Lodve Solholm, styreleiar i Nynorsk kultursentrum. Foto: Sunniva Lund Osdal

– Dei mange gode orda om å ta særleg omsyn til nynorskbrukarane viser ikkje att i film-, spel- og mediepolitikken. Det er avgjerande at digital underhaldning også er tilgjengeleg med nynorsk teksting i framtida. Det krev at staten tek modige val og prioriterer pengar deretter, legg han til.

Illustrasjon: Colourbox

Fakta: Ny språklov

12. mai kom regjeringa med forslag til språklov. Dei føreslår mellom anna:

  • Fylkeskommunar får plikt til å svara på skriftspråket til avsendaren.
  • Nynorsk og bokmål blir ikkje omtale som «målformer» lenger, men som skriftspråk.
  • Kvar einskild sektor i staten og kvart departement har ansvar for å følgje opp språkpolitikken på sitt felt.
  • Språkrådet får ansvar for å føre tilsyn med korleis statsorgan praktiserer og etterlever lova.
  • Alle statsorgan skal ha norske namn. Men lova får ikkje tilbakeverkande kraft for til dømes Oslomet.
  • Samiske språk blir slått fast som likeverdige med norsk. I tillegg kjem det krav om at offentlege organ skal verne kvensk, romani og romanes. Norsk teiknspråk skal anerkjennast som nasjonalt teiknspråk.