«Villdyret» i nordfjordingen vakna då han forstod at språket var under åtak

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han er utdanna lærar, men har dei siste åra jobba som politisk rådgjevar for finansbyråd Erlend Horn (V) i Bergen.

Peder Lofnes Hauge (31) kom seg aldri inn i læraryrket etter studiane. Du kan godt seia at politikken, rådhuset og Venstre tok han før han kom seg inn i klasserommet.

Men under det partipolitiske engasjementet brann det ein kraftig, og stadig kraftigare eld for nynorsken. No skal småbarnspappaen og sambuaren styra mållaget frå hovudstaden på Vestlandet. Det gler han seg til. Med rekordmange medlemmer i ryggen har han tenkt å gjera kvardagen for nynorskingar i alle kategoriar og alle stadar enklare og meir spanande.

Trygt og godt

– Men først, kva rolle har Firda gymnas på Sandane spelt for ditt engasjement for målsaka?

– Det er ein skule med eit godt omdømme, ein gammal og ærverdig institusjon i heimkommunen min, men eg trur kanskje at Firda Målungdom spelte ei minst like viktig rolle. Min, og dei fleste andre i gamle Sogn og Fjordane sin oppvekst er trygg og god når me snakkar om målform. Også me møtte, og møter – altfor mykje bokmål i det daglege, sjølvsagt, men det var aldri nokon tvil om kva målform eg og dei rundt meg skulle nytta. Der heime var det ikkje trong for det store opprøret.

Dette endra seg medan den unge nordfjordingen tok lærarutdanninga i Bergen.

– Eg vart tidleg politisk engasjert. Etter kvart oppdaga eg at det både hjå politiske motstandarar og til og med i mitt eige parti var ei negativ, stundvis nedlatande haldning til nynorsk. Då vakna villdyret i nordfjordingen, fortel Peder.

Sidan tidleg i 20-åra har han aktivert eit frå starten noko passivt medlemskap i Noregs Mållag til at han i dag står heilt i fremste linje. Han har sete i styret sidan 2016 og har vore nestleiar sidan Jens Kihl flytta vestover.

No gler han seg verkeleg til å ta fatt – og drive med språkpolitikk kvar einaste dag. Og han har ikkje tenkt å stikka under stol, i nokon samanheng, kva parti han kjem frå, kvar han har brukt mesteparten av tida si på vegen fram til leiarklubba i Mållaget.

Den nye leiaren i Noregs Mållag trivst godt i dei tronge gatene i Bergen. Foto: Jannica Luoto / Noregs Mållag

Ikkje stille

Om det er ein fordel eller ikkje at dei mest sentrale politikarane for den nye leiaren no er gode og gamle partivener som kulturminister Abid Raja og undervisningsminister Guri Melby, er han ikkje sikker på, men:

– Ingen må tru at eg kjem til sitja stille i båten eller ikkje seie ifrå dersom eg er usamd med desse to statsrådane. Faktum er at eg har skyhøge forventningar til begge. Abid Raja har ein historisk sjanse til å gje Språklova eit skikkeleg løft og i den nye Opplæringslova kan fråværet av ein skikkeleg språkpolitikk korrigerast av Guri Melby. Eg ventar at begge statsrådane både viser og ikkje minst – tek eit stort og merkbart språkpolitisk ansvar, seier Lofnes Hauge. Han ser desse to tunge sakene – ny språklov og ny opplæringslov som dei viktigaste utfordringane i tida som kjem.

– Dette kjem til å sluke enormt mykje tid og store ressursar, også frå vår side, konstaterer den nye leiaren, som gjer det tindrande klart at kravet om at statstilsette skal meistra både bokmål og nynorsk må stå fast i høyringsfråsegna til ny språklov.

Tenesteplikta

Mållaget har heile vegen vore sterkt kritisk til framlegget om at tilsette i staten ikkje lenger skal kunne skrive både nynorsk og bokmål, noko som også den nyvalde leiaren strekar under i praksis er å opna opp for at statstilsette ikkje treng kunne nynorsk.

Og berre så det er sagt, Venstre får ingenting gratis om dei ikkje leverer

– Me bad Trine Skei Grande om å syta for at den individuelle tenesteplikta må bestå, men lukkast ikkje. Me må få dette inn att i lova, seier den nye leiaren.

Når det gjeld Opplæringslova er det eit hovudkrav at Odda-modellen kjem på plass slik at elevar som har hatt opplæring i nynorsk i barneskulen, får halde fram med det også i 7.–9. klasse.

– Denne modellen er så viktig, og dette er noko den sitjande regjeringa har trenert. No MÅ Venstre levere, seier Peder Lofnes Hauge. Han legg ikkje skjul på at han kjem til å bruka heile sitt kontaktnett i partiet for alt det er verdt for å få dette til.

– Og berre så det er sagt, Venstre får ingenting gratis om dei ikkje leverer.

Peder Lofnes Hauge er busett i Bergen og har vore rådgjevar for Venstre. Foto: Jannica Luoto / Noregs Mållag

Digitalisering på bokmål

Intervjuet med den nye mållagsleiaren går føre seg i moderne stil og form. Me møtest på videolink og det fungerer nesten som eit godt, gammaldags fjes-til-fjes intervju. Men – på same måte som for elevar som snart skal attende i klasserommet og alle andre på heimekontoret – er det framleis litt surrealistisk.

Den nye digitale kvardagen utfordrar oss på mange måtar

– Den nye digitale kvardagen utfordrar oss på mange måtar. Og det opnar seg sjølvsagt mange nye moglegheiter. Men tenk deg ein nynorsk elev i klasserommet i denne digitaliserte verda, der alle hjelpemiddel er på bokmål og retteprogramma er overlatne til Google, Microsoft og liknande. Me kan ikkje ha det slik, me må få på plass fullt funksjonell digital hjelp også på nynorsk, seier Peder Lefnes Hauge.

Han er ikkje spesielt redd for at kampen for nynorsken sine kår og framtid skal drukna i kampen mot viruset, men innser at mykje, ikkje berre målsaka, er sett litt på vent slik verda er nett no.

Kjempemotivert

– Men det finst ikkje noko virus som kan slå ned norsk målreising, seier 31-åringen som er kjempemotivert for å gå laus på utfordringane som ventar.

– Det er litt skummelt også, eg kjenner på eit stort ansvar. Men me har ikkje hatt fleire medlemmer dei siste 30 åra enn nett no. Me er sterke, konstaterer Peder Lofnes Hauge, vald saman med styret med 146 e-postrøyster.

– Du er den første leiaren som er vald etter eit digitalt landsmøte og såleis historisk, korleis er det?

– Nett no kjenner eg det litt i magen. Eg er både glad, stolt og audmjuk over å få denne oppgåva, det å leia ein så viktig organisasjon i ei så viktig sak. Sjølvsagt var det ekstra spesielt å bli vald på eit landsmøte der ingen var fysisk til stades. Målfolk likar å møtast og bryta meiningar. Eg gler meg til det kan skje att, seier den nyvalde leiaren – likevel nøgd med at dei klarte å hiva seg rundt og fekk gjennomført eit digitalt landsmøte.

Peder Lofnes Hauge, som skal styra Noregs Mållag, er busett i Bergen. Foto: Jannica Luoto / Noregs Mållag