Ny språklov krev at også fylka svarar på målforma til brukaren

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I dag skriv me språkhistorie, innleidde kulturministeren tysdag.

For første gong skal Noreg ha ei enkelt lov som styrer språkpolitikken til det offentlege. Det tyder mellom anna ei strengare linje for namn på statlege organ.

– Namn på statsorgan skal finnast på norsk og vera rett skrivne, skriv departementet i ei pressemelding.

Dette får likevel ikkje tilbakeverkande kraft, som tyder at institusjonar som Oslomet kan halda på namna sine.

Fylkeskommunane får nye krav

Offentlege organ får òg eit særleg ansvar for å fremja nynorsk. I tillegg skal fylkeskommunane no få eit krav om å svara på brev og meldingar på målforma til avsendaren.

– Dei språklege rettane til både bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar blir styrkte, heiter det i pressemeldinga.

Raja meiner koronapandemien og stenginga av Noreg har understreka kor viktig tydeleg språk frå det offentlege er.

– I den krisesituasjonen me er inne i no, har fleire enn eg vorte ekstra merksame på kor viktig eit godt og klart norsk språk er for tillit og informasjonsflyt mellom innbyggjarane, fagpersonar og styresmakter, seier Raja.

Anerkjenner samisk og norsk teiknspråk

I forslaget til språklov blir anerkjent samiske språk som likeverdige med norsk. I tillegg kjem det krav om at offentlege organ skal verna kvensk, romani og romanes.

Norsk teiknspråk skal anerkjennast som nasjonalt teiknspråk.

Nell Mathea Nygård Mjøen (15) og mora Lis Mona Mjøen (47) lærer seg samisk saman og er begge like ivrige over å finna tilbake til språket som oldemor og bestemor ikkje fekk snakka.