Nynorsk-vakuum blant landets største bedrifter: – Definitivt ikkje likestilt med bokmål

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar Guro Sanden ved Göteborgs universitet har granska kva skriftspråk dei norske toppbedriftene brukte i årsrapporten sin i 2015.

Av dei 500 bedriftene som dukka opp på tidsskriftet Kapital si årlege liste over landets største bedrifter målt utfrå avkasting, skreiv 81 prosent årsrapporten på norsk.

Men berre fem av dei skreiv på nynorsk.

Det melder Forskning.no.

– Definitivt ikkje likestilt med bokmål

Dei fem bedriftene som nytta nynorsk var Coop Vest SA, Bremnes Fryseri AS, Fjord1 AS, Sogn og Fjordane Energi AS and Sparebanken Sogn og Fjordane.

Desse bedriftene er alle frå nynorskområde, og språkforskaren trur slike kan motiverast til å halde på skriftspråket.

Men dersom nynorsken skal overleve i næringslivet, trur Sanden at det lyt språkleg regulering til:

– Slik situasjonen er i dag, er nynorsk definitivt ikkje likestilt med bokmål i næringslivet, og for å endra dette, må det nok ei politisk avgjerd til, utdjupar ho til Khrono.

Forskaren trur nynorsken vil verte ytterlegare marginalisert i Noreg, utan språkregulering.

Sanden meiner også ho ser ein tendens til at debatten for og imot engelsk har teke over for nynorskkampen i det norske samfunnet.

Andrea Hebnes Tobekk fekk Rogaland Mållags Målpris 2019. Foto: Privat