Regjeringa vil ikkje føra fråvær i vgs fram til sommaren

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allereie i byrjinga av mars annonserte regjeringa at vidaregåandeelevar som hadde fråvær av helsemessige årsaker ikkje måtte til legen for å få dokumentasjon, grunna koronaviruset.

No har regjeringa bestemt ytterlegare regelendringar, og annonserer at det ikkje skal førast fråvær ut skuleåret.

Kunnskapsministeren: – Mest likt for alle

Fredag 13. mars stengde alle landets barnehagar og skular, noko som førte til at elevane måtte ha heimeundervisning.

Frå 27. april har nokre yrkesfagelevar på VG2 og VG3 vore tilbake på skulen nokre dagar i veka for å få praktisere faget sitt. Det er også venta at resten av elevane vil få kome tilbake snart, men fråværsgrensa vil framleis ikkje gjelde fram til sommaren.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby forklarar avgjerda med at skulane som opnar ikkje nødvendigvis vil ha dei same tilboda overalt og at det ikkje er sikkert elevane får alle timane dei plar ha.

– Då meiner me det blir mest rettferdig og mest likt for alle om me ikkje fører fråvær, seier Melby til VG.

Norsk Lektorlag fryktar for svake elevar

I august 2016 innførte dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og regjeringa ei fråværsgrense som går ut på at elevar som har meir enn ti prosent fråvær i eit fag ikkje har rett på vurdering i faget.

Regelen har møtt mykje motstand frå elevane og mange frykta at dei svakaste elevane ville lide. Ein Fafo-rapport frå i fjor fann at fråværet i den vidaregåande skulen gjekk ned med 20 prosent etter regelendringa, men at det var høgare risiko for å stryka.

Leiar i Norsk Lektorlag, Rita Helgesen, meiner fråværsføring er eit viktig verkty for lærarane. Ho seier til VG at ho frykter endringa kan føra til auka sosiale forskjellar gjennom auka fråvær hjå dei svakaste elevane.

Elevorganisasjonen er einige

Kristin Schultz tek over som leiar i Elevorganisasjonen 1. juli. Foto: Elevorganisasjonen

Påtroppende leiar i Elevorganisasjonen, Kristin Schultz, meiner på si side at det er sjølvsagt at fråværet ikkje skal telle på fråværsgrensen i ein periode når heile skulen er snudd på houvudet.

– Kvar einaste skule og kvar einaste lærar handsamar situasjonen på sin eigen måte, og då er det i denne tida umogleg og berre rart eigentlig å føre fråvær på den måten ein har gjort før, seier Schultz til VG.

Ho peikar på at fråværsgrensa aukar sjansen for å falle frå og meiner det er ei større utfordring at lærarar i denne perioden gjev elevane oppgåver og innleveringar framfor undervisning.

– Dette gjer at dei sjølvstendige elevane klarar å stå på eigne bein og gjere eit arbeid, medan dei som treng ein lærar, og som treng oppfølging, fell bakpå, seier ho.

Frå venstre: Hamza Hussain (18) og Hanouk Tewelde (17) er uroa for om dei får læreplassar til hausten. Suleiman Mohammad (17) har på si side bestemt seg for påbygg, slik at han kan studere vidare.