Bilbransjen etterlyser fleire lærlingar

Bilbransjen og NHO opplever at fylkeskommunane ikkje tilpassar skuletilbodet etter behovet i næringslivet og etterlyser meir kontakt med bransjane.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs Bilbransjeforbund i NHO ber fylkeskommunane høyre meir på kva for behov samfunnet har når det etablerer skuletilbod, enn på kva 15-åringar ønsker seg.

Administrerande direktør Stig Morten Nilsen i NBF seier til Dagens Næringsliv at bilbransjen kunne tatt imot 300 fleire lærlingar på landsbasis enn dei 2.400 som allereie er ute i dei 1.300 bedriftene i landet.

– Oppgåva til utdanningssystemet er å skaffe dei fagfolka bedriftene og samfunnet treng. Det går ikkje an å sitje isolert på bakrommet og planlegge talet på skuleplassar utan kontakt med bedriftene eller analysar av behovet til næringslivet, seier Nilsen.

For mykje vekt på ungdom sine ynskjer

Nilsen viser til at det blir lagt for mykje vekt på lysta til ungdom og mindre på det faktiske tilbodet. Medan mange vel populære fag der behovet for arbeidskraft er lite, vel for få fag knytt til næringar og bedrifter som slit med å få nok folk.

Tal avisa har henta inn frå Utdanningsdirektoratet, viser at det innan medium og kommunikasjon berre var 43 prosent som fekk læreplass. For bygg- og anlegg fekk 84 prosent læreplass.

Les også: Desse ungdomane utdannar seg for å styre robotane som vil ta jobben frå andre

Karl Jesper Becker (18) (t.v.) og Steinar Holmberg Vikane (18) byrja på elektrolinja før dei gjekk vidare på automasjon. Foto: Svein Olav B. Langåker