Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag ettermiddag, under den daglege koronaoppdateringa frå styresmaktene, sette helseminister Bent Høie (H) av eit par minutt til å takka og snakka til ungdomen. Talen har fått mykje skryt, både frå unge og vaksne.

I etterkant spurde Helsesista Tale Maria Krohn Engvik, sine følgjarar kva dei unge syntest og kva dei treng å høyra no.

Ynskjer ein dato

Blant mykje skryt, kjærleik og eit ynskje om å bli fortalt at ting blir betre, var det eit stort fleirtal som svara at dei treng ein dato å forhalda seg til.

Ein lovnad om at dei skal tilbake før sommaren. Å få vite om dei får sjå klassen sin før sommaren, før dei går ut av vidaregåande, ungdomsskulen eller barneskulen.

Skjermumpar frå Helsesista sin story på Instagram.

Ingen veit når

Frå 20. april opna barnehagar, og frå 27. april opna skuler frå 1. – 4. trinn og SFO., i tillegg til yrkesfagelevar på VG2 og VG3.

Retningslinjene for ungdomsskule og videregåande skule er også klare, men ingen veit når desse elevane skal tilbake til skulebenken.

I talen til Høie sa han at målet til regjeringa er at også dei eldre skuleelevane skal få kome tilbake til skulen før sommaren.

Kunnskapsminister Guri Melby (V) varsla tysdag at regjeringa i neste veke (veke 19) vil leggja fram ein plan for når resten av elevane skal få koma tilbake til klasseromma att, noko som tidlegast kan skje i veke 20.

 

Bent Høie – det er mange som deler den poetiske talen du fikk lese opp i dag, og det er skikkelig godt å høre at…

Posted by Helsesista on Måndag 27. april 2020

Tærer på psyken

På Facebook delte Helsesista Kron Engvik sine tankar etter å ha fått tilbakemeldingane frå sine følgjarar. Der skriv ho mellom anna:

«Korona er ikke over før sommeren, heller ikke i år.. Men å bare høre i ukesvis at de skal tilbake på skolen før sommeren uten noe mer konkret å forholde seg til, tærer på den psykiske helsa deres..»

Ho påpeikar ungdomane forstår at det er ei usikker tid, og kan greie å vere førebudd på at det snur sjølv om ein set ein dato.

«Det er likevel lettere å ha noe konkret å forholde seg til, enn den uvissheten som for de liksom aldri tar slutt.. mange skal slutte på barneskolen, ungdomsskolen og videregående – epoker som skal avsluttes henger liksom i løse luften for dem.»

Foto: Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix/Privat