Melby: Ikkje sikkert skulane opnar til same tid i heile landet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag opna skulane att for elevar på 1. til 4. trinn etter at dei vart stengde 12. mars som følgje av koronapandemien.

Samtidig varsla kunnskapsminister Guri Melby (V) at regjeringa neste veke vil leggja fram ein plan for når resten av elevane skal få koma tilbake til klasseromma att.

Til NRK seier Melby tysdag at det kan henda det då blir rom for lokale variasjonar.

– Det er jo blant dei tinga regjeringa no er nøydd til å diskutera – om ein skal opna samstundes overalt og om ein skal opna på same måte overalt, seier ho.

Plass på skulane

Elevane i 1.–4-klasse er no delte inn i grupper på maks 15 elevar per lærar, og mange stader bruker dei klasserom på heile skulen til dei yngste elevane. Når også dei eldre elevane skal tilbake, blir det ei utfordring å få plass til alle.

– Her vil det vera store lokale forskjellar. Nokon har jo betre plass på skulen enn andre. Nokon har mindre grupper i utgangspunktet enn andre. Så her må det nok vera rom for ein viss lokal fleksibilitet, seier Melby.

Førebuingstid

Kor lang tid det vil ta før alle elevane kan møte på skule, er ikkje klart.

– Me tek jo no sikte på å leggja fram ein plan i veke 19, og med litt førebuingstid er det i alle fall ikkje aktuelt å byrja før veke 20, men det kan òg henda det er behov for lengre førebuingstid enn det, seier statsråden.

Leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, åtvarar mot lokale variasjonar. Han meiner ein bør halda fram med eit nasjonalt løp for å gjera det trygt og føreseieleg, men at lokale vurderingar kan koma på eit seinare tidspunkt.

Les også: Nederlandske elevar tvinga til å segle over Atlanteren, grunna korona