Målrørsla fryktar nynorsken vil lide under koronatiltak – ber UiO om å snu

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag denne veka skreiv Framtida.no om Universitetet i Oslo som opna for å gje ut eksamen på berre éi målform under koronakrisa.

Studieadministrasjonen sende ut ein e-post til sine tilsette der dei synte til Forskrift om målformer på eksamensoppgåver §3 om når ein kan gjere unntak for elevane sin rett til eksamensoppgåver på eiga målform.

Leiar i Studentmållaget i Oslo, Jonas Økland, reagerte kraftig på beskjeden som gjekk ut til dei tilsette ved Universitetet i Oslo.

Saman med leiaren i Norsk Målungdom har han skrive eit brev til rektor Svein Stølen der dei krev at universitetet trekker tilbake avgjersla.

Målungdomsleiaren er ikkje overraska

Målungdomsleiar Gunnhild Skjold er uroa for korleis vedtaket vil påverka nynorskstudentane og meiner e-posten vitnar om at UiO ikkje tek språkpolitikken på alvor.

– Ein ting hadde vore om dei oppfylte lova til vanleg, men kvart einaste år behandlar me klager frå studentar ved Universitetet i Oslo. Om dei får eksamen på nynorsk, så er dei gjerne fulle av feil, difor overraskar det oss ikkje at UiO hoppar på første sjanse til å snika seg unna kravet, seier Skjold på telefon til Framtida.no.

Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold, ber leiinga ved Universitetet i Oslo snu i saka om eksamensoppgåver på fleire målformer under koronapandemien. Foto: Norsk Målungdom

Ho viser til § 5 i Forskrift om målform i eksamensoppgåver som slår fast at «vedtak om unntak må gjerast seinast tre månader før vedkommande eksamen.»

– Men kan ein krevje at eit slikt vedtak vert gjort tre månadar før i denne situasjonen?

– Det er klart at denne situasjonen ville gjort det vanskeleg, men me meiner ein eventuell dispensasjon må gjevast av Stortinget. Me meiner at UiO ikkje kan sjå bort frå ei lov berre fordi ho er upraktisk å følgje. Dette er noko Stortinget og Kunnskapsdepartementet må gje signal om.

Språkdirektøren: – Vanskeleg å forstå

Målungdommen får støtte av direktør i Språkrådet, Åse Wetås, som meiner det er vanskeleg å forstå at UiO har tolka forskrifta rett.

– Det er vanskeleg å forstå korleis koronakrisa påverkar det språklege innhaldet i det som er ei rutineoppgåve ved UiO, som det skal vera gode, innarbeidde rutinar for, seier ho til nettavisa Khrono.

Dierktør i Språkrådet, Åse Wetås, tykkjer det er vanskeleg å sjå at UiO har tolka forskrifta rett. Foto: Språkrådet

Ho understrekar at UiO har visst om den nye eksamensavviklinga ei tid og difor har hatt gode høve til å utarbeide eksamen på begge målformer. Om dei likevel vel å stå på tolkinga om å gjere unntak for retten studentane har til eksamen på eiga målform, har universitetet plikt til å informera studentane om kva rettar dei då har.

– Då må dei informera studentane om klageretten deira og korleis desse klagene eventuelt skal fylgjast opp, seier Wetås til Khrono.

UiO: – Nynorsk kan bli einaste målform

Allereie dagen etter at Målungdommen sende brev til Universitetet i Oslo fekk dei svar der universitetet forklarar at studieavdelinga la til grunn at koronasituasjonen kan vurderast som «andre spesielle tilhøve», basert på ei tilsvarande vurdering frå Kunnskapsdepartementet.

Studieavdelinga understrekar at unntak berre kan gjerast om oppgåvesetta er av eit slikt omfang at det er reelt ressurssparande og studentane er informerte.

«Ex.phil.-emnet skal uansett skal ha eksamensoppgåver på begge målformer, og det same bør gjelde for store emne med meir enn 100 eksamenskandidatar. Med denne ordninga kan dessutan nynorsk bli einaste målform, ikkje berre bokmål,» heiter det i brevet frå UiO.

Skjold er ikkje nøgd med svaret og meiner UiO ikkje svarar på spørsmålet:

– Eg kan ikkje sjå at dette vedtak er gyldig når det ikkje er gjort i tide. I tillegg seier dei at ordninga kan føra til at nynorsk vert einaste målform, men me veit at i praksis er det ikkje det som kjem til å skje, seier målungdomleiaren og legg til:

– Om dette verkeleg handla om for stor arbeidsbelastning kunne dei til dømes vedteke at halvparten av eksamenane skulle vere på nynorsk, men dei har ikkje gjort noko for å sikra nynorskstudentane språket sitt.

Christen Andreas Orvin Wroldsen er leiar i arbeidsutvalet ved Studentparlamentet ved UiO. Foto: Privat

Studentparlamentet på saka

Allereie same dag som Studentparlamentet i Oslo vart kjent med skrivet om at Universitetet i Oslo opnar for å gje ut eksamen på berre éi målform under koronakrisa var dei i kontakt med leiinga om saka.

Torsdag ettermiddag skriv leiar i arbeidsutvalet Christen Andreas Orvin Wroldsen i ei tekstmelding til Framtida.no:

– Me tok opp saka i går, og har fått forsikringar om at dette vil praktiserast strengt og berre i enkelttilfelle der det vert sett som absolutt nødvendig. Det vert ikkje gitt eit generelt fritak og alle unntak må vere velgrunna.

Wroldsen skriv at dei har forståing for at landet er i ein ekstraordinær situasjon, der ikkje alt kan gå som normalt, men at Studentparlamentet vil halda auge med kva UiO gjer framover:

– Me vil følgje opp saka vidare, og er av ei klar oppfatting at dette bør gjelde eit lite tal på eksamenar.

Andrea Hebnes Tobekk fekk Rogaland Mållags Målpris 2019. Foto: Privat