10 tips til meir nynorsk i kvardagen

Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mange har inntrykk av at nynorsken berre høyrer heime i klasserommet, og at han ikkje er i bruk elles i samfunnet. Dette stemmer ikkje! For mange er nynorsk eit kvardagsspråk dei brukar til dømes når dei er på sosiale medium, går på butikken eller les ei bok.

For å visa fram den kvardagslege nynorsken skipar Norsk Målungdom til kampanjen Nynorsk kvardag, og me vil gi deg ti tips til korleis DU kan få meir nynorsk i kvardagen din.

1. Skriv nynorsk på sosiale medium

Noko av det enklaste ein kan gjera for å sjå meir nynorsk rundt seg, er å skriva nynorsk sjølv. Skriv nynorsk på sosiale medium, så får både du og dei rundt deg sjå meir nynorsk. Viss du ikkje gjer dette til vanleg, kan du starta med å skriva nynorsk på DEN STORE NYNORSKDAGEN 29. februar.

2. Følg nynorske kontoar på sosiale medium

Mange skriv nynorsk på sosiale medium, så begynn å følg nokon av dei. Norsk Målungdom (@malungdom på instagram) er sjølvsagt eit døme. Andre døme er @lothepus, @nynorsktinder og @nynorskmediesenter på instagram. Sjekk også ut #nynorskkvardag og sjå kva nynorsk andre har i kvardagen sin.

3. Les nynorske bøker

Vel ei bok på nynorsk neste gang du skal lesa ei bok. På nynorskbok.no finn du mange tips til gode nynorske bøker for ungdom. Visste du til dømes at den nynorske boka Fugletribunalet av Agnes Ravatn vann Ungdommens kritikerpris i 2014?

Agnes Ravatn er ein av Noregs mest profilerte forfattarar. Foto: Marius Viken

4. Gjer hobbyen din meir nynorsk

Ved å gjera hobbyen din meir nynorsk, blir nynorsken lett ein del av fritida di. Du kan til dømes kjøpa ei nynorsk kvissbok, strikka etter nynorske strikkemønster eller byrja å heia på eit fotballag frå ein nynorskkommune. Sogndal Fotball fekk faktisk Nynorsk næringslivspris i 2018.

5. Kjøp nynorske matprodukt og bruk nynorske oppskrifter

Ein av dei mest kvardagslege tinga me gjer, er å eta mat. Så kvifor ikkje få meir nynorsk inn i matlaginga? Det finst mange gode oppskrifter på nynorsk, til dømes oppskriftene på matbloggen kvardagsmat.no. Viss du kjøper nynorske matprodukt får du i tillegg sett nynorsk mens du et maten.

Skal det vere litt havregrynsgraut med knasande topping? Skjermdump: Kvardagsmat.no

6. Skriv nynorsk dagbok

Jo meir du skriv på nynorsk, jo meir nynorsk ser du. Skriv nynorsk i dagboka eller kalenderen din, så får du meir nynorsk både mens du skriv og når du ser tilbake på kva du har gjort.

7. Byt språk til nynorsk på Facebook

Visste du at du kan velja nynorsk som språk på Facebook? Ved å gjera dette får du varsel og slikt på nynorsk. Viss du vil gjera ein ekstra innsats for nynorsken på facebook, kan du vera med å omsetja Facebook til nynorsk!

Norsk Målungdom føreslår å bruka meir nynorsk i sosiale medium. Illustrasjon: NMU

8. Byt hovudmål til nynorsk på skulen (om du ikkje har det allereie)

Skulen er ein stor del av kvardagen til mange. Byt hovudmål til nynorsk, så skal du få alle lærebøkene dine på nynorsk! Viss du er ferdig på vidaregåande, skriv nynorsk på studiet og hugs å be om eksamen på nynorsk.

9. Meld deg inn i Målungdommen

Viss du melder deg inn i Norsk Målungdom kan du få mange nynorskskrivande vener og du hjelper oss å få meir nynorsk ut til folket. I tillegg får du jamleg tilsendt nyhendebrev og medlemsavisa vår, som sjølvsagt er på nynorsk.

10. Les framtida.no kvar dag

Å lesa Framtida, slik du gjer no, er ein super måte å få meir nynorsk i kvardagen. Fortsett med det, og les gjerne andre nynorske aviser også!

Framtida.no gjer merksam på at me ikkje har oppmoda Norsk Målungdom til å omtala oss i positive ordelag, men sjølvsagt set pris på det tiande tipset.