Norsk Målungdom vil gje meir makt til Språkrådet

– Det viktigaste er å få ei betre oppfølging av språkpolitikken, som kjem brukarane til gode, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me synest det er bekymringsverdig at statlege organ ikkje høyrer på staten sitt eige rådgjevande organ når det kjem til språkspørsmål, seier Gunnhild Skjold.

Ho er nestleiar og påtroppande leiar i Norsk Målungdom.

På landsmøtet i helga vedtok dei å jobba for at Språkrådet bør få meir makt. Skjold reagerer på at statlege organ går på tvers av råda frå Språkrådet når dei skal vedta nye namn.

Her hentar ho fram døma OsloMet og NSB si omstridde namneendring til Vy.

Språkrådet var tidleg ute og kritiserte Høgskolen i Oslo og Akershus for namneforslaget OsloMet, som byggjer på det engelske «Metropolitan».

– Me er einige med Språkrådet i at namna på statlege organ bør følgje norsk rettskriving og språk, seier Skjold.

Les også: Språkrådet er ikkje imponert over NSBs nye namn

Kritisk styreleiar

VG skreiv i går om namnesakene der Språkrådet har blitt overkøyrd og nemner i tillegg namna på dei nye storfylka Viken, Innlandet og Vestland, som Språkrådet gjekk mot.

Under tittelen «Språkleg signalfeil» skriv Erik Ulfsby, som er styreleiar i Språkrådet om problemet med at Språkrådet vert overkøyrd.

I innlegget som er publisert i Aftenposten og på Språkrådets eigne nettsider skriv Ulfsby at offentlegheita oppfattar Språkrådet som autoritativt i språkspørsmål.

– Samstundes blir det svært synleg at Språkrådet ikkje blir lytta til. Dette set rådet i ein vanskeleg situasjon. Styret i Språkrådet ser svært alvorleg på at rådets stadige nederlag i namnespørsmål svekkjer respekten for Språkrådets faglege autoritet. Det får følgjer for rådets andre arbeidsområde og gjer det stadig vanskelegare å sikre gjennomføringa av ein heilskapeleg norsk språkpolitikk, skriv Ulfsby.

Vil ha sanksjonar for brot på Språklova

Norsk Målungdom deler bekymringa for at den språklege autoriteten til Språkrådet vert svekt og meiner mellom anna at Språkrådet bør få det endelege ansvaret til å innstilla nye namneval.

I tillegg går målungdommen inn for at den nye Språklova skal opna for at Språkrådet kan bruka sanksjonar dersom statlege organ bryt ho.

– Dersom det vert ei lov utan konsekvensar, så vil ho vera lett å bryta og det vil me ikkje. Det har blitt foreslått dagbøter når ein til dømes ikkje set opp skilt og at statsrådar skal plikta å følgja opp brot på Språklova. Det viktigaste er ikkje kva sanksjonar det blir, men at det vert sanksjonar og at dei vert slagkraftige nok, avsluttar Skjold.

Språkdirektør Åse Wetås er uroa for at Språkrådet sin autoritet vert svekkja i andre saker, når dei ikkje vert lytta til. Foto: Språkrådet

Wetås vil ha betre oppfølging av språkpolitikken

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, har tidlegare vore ute og refsa statlege namneprosessar.

– Namn som Bane NOR SF, OsloMet og Norec skrik i øyra mine, sa ho til Nynorsk pressekontor i fjor.

Språkdirektøren deler Norsk Målungdom og styreleiar Ulfsby si uro.

– Når ein ser at våre råd ikkje vert lytta til i saker som namneval, så svekkjer det og autoriteten vår i andre saker, seier Wetås til Framtida.

Ho understrekar at det er eit politisk spørsmål kor mykje makt Språkrådet skal ha, men ser føre seg fleire moglege løysingar der Språkrådet kan ha innstillingsmakt, saksmyndigheit og meir oppfølgingsansvar.

– Dette dreier seg ikkje først og fremst om Språkrådet, men om kor viktig språkpolitikk er av omsyn til innbyggjarane, understrekar Wetås.

Ho meiner det viktigaste er at den norske språkpolitikken vert meir sektorovergripande, slik at statlege verksemder handlar meir i tråd med denne enn dei gjer i dag.

– Det viktigaste er å få ei betre oppfølging av språkpolitikken, som kjem brukarane til gode, slår ho fast.

Les også om 20 år gamle Åse Wetås som valde med hjartet og gjekk vekk frå prestisjestudium!