Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag er det nok ein gong duka for stor internasjonal klimastreik.

Koronapandemien herjar over heile verda, så arrangementet blir for første gong heildigitalt.

Har du tenkt å streike digitalt?

Har du tenkt å streike digitalt?

Sjølvsagt! 6
Nei. 4
Eg har lyst, men skjønar ikkje korleis.6
Nei, eg streikar berre når det er fysisk oppmøte.0
Svar totalt: 16

24 timars stream

Fridays for future arrangerer ein internasjonal klimastreik som går over 24 timar. Den starta i går klokka klokka 22.00 norsk tid og varar fram til 22.00 i kveld.

Her skal folk frå ulike land dele sine erfaringar om korleis klimakrisa har påverka deira lokalmiljø og kva endringar dei vil sjå.

I sendinga deltek folk frå Australia, Syria, Pakistan, Filippinene, India, Hellas, Kenya, Israel, Polen, Storbritannia, Slovenia, Argentina, Portugal, USA, Costa Rica, Mexico, Brasil og Panama framover mot avslutninga som startar klokka 21.00, norsk tid.

Alt vert sendt direkte, og du kan sjå heile sendinga på YouTube.

Konsert og apellar frå klokka 12

I Noreg er det Natur og Ungdom som arrangerer den nasjonale skulestreiken. Også denne går digitalt, med eit litt kortare program enn den internasjonale.

Frå klokka 12.00 blir det appellar, konkurranse, konsert og kamprop på Facebook. Sjå direktestrøyminga her.

12:00 Slideshow
12:05 Appell, Gina Gylver
12:10 Konsert med Sløtface
12:55 Skolestreikarane sine krav blir presentert av organisasjonane
13:05 Appell, Aurora Kobernus
13:10 Kahoot
13:25 Appell, Tina Våje
13:30 Slutt

Dei oppmodar også alle til å registrere sin eigen private streik på nu.no/jegstreiker.

Obs: Sendinga ligg noko bak skjema.