Unge kjenner seg meir einsame under koronakrisa

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bernt G. Apeland er generalsekretær i Røde Kors. Foto: Røde Kors

– Desse tala er høge og eit varsku til både oss og norske styresmakter. Dette er eit tydeleg signal om at mange slit. At så mange opplever einsemd, må vi ta på alvor, seier generalsekretær Bernt G. Apeland i Røde Kors.

I undersøkinga, som er svara på av 4.000 respondentar, svarar 45 prosent av respondentane i aldersgruppa 16 til 24 år at dei kjenner seg meir einsame på grunn av koronavirusutbrotet.

Talet er dobbelt så høgt som gjennomsnittet for heile det norske folket over 40 år.

I undersøkinga kjem det vidare fram at éin av fire under 25 år slit psykisk, og fire av ti seier å vere i dårlegare fysisk form no enn før virusutbrotet.

 

Treng du å tenkje på noko heilt anna enn koronakrisa? Her er nokre tips: 

I 1996 gjekk Marta Breen på Romerike folkehøgskule og var ivrig etter å kome i gang med vaksenlivet. Foto: Privat/Maria Gossé