Då eg var 20: Marta Breen fekk rulletobakk til bursdagen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skuleåret 1995-1996 gjekk eg på teaterlinja på Romerike folkehøyskole. Etter at skuleåret var slutt i mai, flytta eg til Oslo. Eg budde litt rundt omkring – blant anna i mormors kjellarstove – medan eg leitte etter eit ledig rom i kollektiv, skriv Marta Breen i ein e-post til Framtida.no.

44-åringen frå Larvik har markert seg som heile Noregs feminist, med bøker som Født feminist: hele Norge baker ikke, F-ordet. 155 grunner til å være feminist, Rumpefeiden, Kvinner i kamp og så vidare.

Sist ut er Hvordan bli en (skandinavisk) feminist, som kom nesten parallelt med den engelske omsetjinga av Kvinner i kamp, illustrert av medsøster Jenny Jordahl.

Korleis var kvardagen?

På folkehøgskulen var det mange som satsa seriøst på skodespelarfaget, og i starten var eg ein av dei. Eg hadde spelt lokalteater i heimbyen Larvik i mange år og hadde nettopp vore russerevysjef. Men i løpet av året på Romerike gjekk det opp for meg at dette nok var eit feilspor for meg. Eg hadde ei fast kommentarspalte i lokalavisa på denne tida, og sakte gjekk det opp for meg at eg nok hadde meir talent som skribent enn på teaterscena.

Marta Breen fotografert på rommet sitt på Romerike folkehøgskule, der ho var elev då ho fylte 20 år. Foto: Privat

Hugsar du kva som skjedde?

Dei fleste på min alder byrja å studere på den tida, men eg var ikkje så interessert i det. Eg var veldig utålmodig etter å kome i gang med jobb, bustad og eit fungerande vaksenliv. Så eg bestemte meg for å satse på journalistikken, og byrja å skrive i nokre gratismagasin. Blant anna Spirit.

Diverre var eg ganske ufornuftig og brukte mesteparten av pengane mine på øl og røyk.

Kva lytta du til?

Eg hugsar veldig godt kva plater eg høyrte mest på det året: Alanis Morisette, Sinéad O’Connor, Pulp, Radka Toneff og Norsk Utflukt med Lars Saabye Christensen og Kåre Virud.

I 1995, året før Marta Breen vart 20 år, kom Alanis Morisette ut med det ikoniske albumet Jagged Little Pill:

Hugsar du 20-årsdagen din?

Ja, det var på folkehøgskulen. Av venninnene mine fekk eg det eg ønska meg aller mest: Ein pakke Petterøe’s Lys Blå rulletobakk med tilhøyrande Winner Tip.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Eg kan hugse at det var mange sterke kjensler heile tida, både positive og negative. Men det som påverka meg mest var nok at det blei slutt med kjærasten fra gymnastida, og at ein god venn av meg drukna.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Som sagt så trudde eg lenge at eg skulle bli skodespelar, men det var så mange dyktige folk på skulen, blant anna Nicolai Cleve Broch og Marian Saastad Ottesen. Folk som verkeleg brann for teateret, mykje sterkare enn meg. Det forstod eg ganske raskt. Så det blei eit år med mye vakling når det gjaldt framtidsplanar.

Marta Breen reiste på interrailferie som 20-åring. Foto: Privat

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg var veldig bestemt på at eg ikkje skulle byrje på ei utdanning «berre for å gjera det». Eg ville ikkje ta opp masse studielån for å så enda opp i feil yrke. Eg var i grunnen veldig trygg på at eg kom til å lykkast på eit eller anna vis. Det må ha vore ein slags medfødt sjølvtillit, det der.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

At ho der var litt «veslevaksen», kanskje? Ei veldig sosial jente som kanskje burde prata litt mindre og lese litt meir.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

«Dei gamle gubbane er diverre ikkje interessert i deg fordi du er ein så morosam og smart samtalepartnar – men av heilt andre grunnar. Hald dei på avstand».

Ikkje at det hadde hjelpt å seie noko sånt: Eg høyrte ikkje på det øyret den gangen…

Les også: Då eg var 20: Harald Eia var med på å avverja eit valdtektsforsøk

I 1986 reiste Harald Eia frå Rykkinn i Bærum til Blindern for å studere filosofi. Foto: Jonas Jeremiassen Tomter/NRK, privat