«Kjære politikarar: Vis at de tek framtidas fagarbeidarar på alvor!»

Alberte T. Bekkhus
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er anslått at vi i 2035 kan mangle så mange som 100 000 fagarbeidarar. Yrkesfag vert snakka fram i festtalar og debattar. Vi treng fagarbeidarar for å kome gjennom det grøne skiftet, for å handtere eldrebølgja, og mykje meir.

Det er «alle» politikarar om bord på – frå Raudt til Frp snakkar ein opp og fram dagens og framtidas fagarbeidarar. Då må dette verte spegla også i politikken – og akkurat no står mange i ein usikker situasjon. Difor må vi kunne forvente at elevar på yrkesfag og lærlingar snart får svara og løysingane dei ber om.

Bror min er 16 år og går første året på bygg. Han har heimeundervisning, som ifølgje han er «litt relevant, men kjedeleg». Det vert ikkje noko praksisundervisning eller verkstad. Elevar kan dra til skulen og låne med seg utstyr heim, men det er ikkje nok til alle, så i praksis må elevane kjøpe utstyr sjølv om dei vil få øvd seg. Korleis skal de sikre at eit årskull med yrkesfagelevar får den oppfølginga og kompetansen dei treng?

Korleis skal de sikre at eit årskull med yrkesfagelevar får den oppfølginga og kompetansen dei treng?

Ei eg kjenner går helse og oppvekst på andre året, og opplevde at skulen og samfunnet vart «stengt» midt i praksisperioden hennar. Praksisperioden står for ein stor del av vitnemålet og karakterane hennar. Korleis skal de sørgje for at elevar som no mister praksisperiodane sine får ei god vurdering, utan å falle bakpå?

Heldigvis har lærlingane vorte garanterte inntekt tilsvarande lærlingløna. Det er kjempebra – men korleis vert det med alle dei lærlingane som no får utsett fagprøva?

Dette er spørsmål, alt eg ber om er svar. For om de verkeleg meiner at framtida treng dyktige fagarbeidarar, fortener nettopp framtidas fagarbeidarar betre enn å leve i usikkerheit.

Vi krev klare svar – viss ikkje er det vanskeleg å sjå at de bryr dykk om fagarbeidarar i anna enn festtalar.

Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Les også intervjuet med Rhine (17) som er éi av berre to jenter i elektroklassen: – Det er nok mange som ikkje vel yrkesfag fordi dei ikkje tør

Rhine Storetvedt (17) er ganske sikker på at ho får jobb, så lenge fråveret er lågt og karakterane ganske gode.