Livet med heimeskule: Tentamen har aldri vore så artig før!


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Sidan koronaviruset for alvor byrja å spreia seg, vart det som kjend gjort fleire tiltak for å forsøkja å stogga dette. Blant anna vart me som elevar pålagde såkalla heimeskule, eit nokså kjend fenomen i USA, men ganske ukjend her til lands fram til no nyleg.

For min del, som no går fjerde og siste året på vidaregåande, vil heimeskule seie digital undervisning. Google Meet, som er den plattforma min klasse bruker, fungerer overraskande godt. Ein har der moglegheit til å slå webkameraet av, noko dei fleste nyttar seg av. Dette kjem ganske godt med dersom du ikkje kjenner deg like fresh som vanleg, og helst ikkje ynskjer å sitje på display. Samstundes er det også veldig fint å ha eit slikt dagleg møtepunkt med klassen, der ein får vere litt sosial og «treffa» dei andre igjen.

Medan det sikkert var mange som hadde håpa på å få fri i tre veker, går undervisninga for oss ganske som normalt. Samstundes som me har timar vert det også mykje sjølvstendig jobbing, blant anna med å førebu oss til prøvar.

I gymmen har me i tida framover eigentrening – perfekt!

Førre veke hadde eg også ei framføring for læraren min heime, også dette gjennom Google Meet. Dette var noko av det mest chille eg har gjort, og eg opplevde det som ein meir lågterskel versjon av ein vanleg «bak kateteret»-presentasjon.

Arbeidsbenk og skulebøker

Det vert mykje individuell jobbing fram mot prøvar.

Heimekontor

Eg har sjølv ikkje noko problem med å vere heime og ha undervisning på nett, og trivst ganske godt med det. I tillegg set eg ganske stor pris på å få sleppa å reisa ein time kvar veg for å koma til skulen. Samstundes har heimeskule fått meg til å skjøne at eg i framtida kan tenka meg ein jobb med moglegheit for heimekontor, då det å arbeide heimanfrå er noko eg trivst med.

Heimeskule har fått meg til å skjøne at eg i framtida kan tenka meg ein jobb med moglegheit for heimekontor

Me hadde blant anna nettopp heimetentamen i norsk, som etter mi meining var ein stor suksess. Ikledd min kjære pysjamas og akkompagnert av ei skål med is, følte eg meg eigentleg ganske tilfreds. Tentamen har aldri vore så artig før!

Der eg sat åleine på rommet mitt var det ingen klassekameratar som snufsa fem timar i strekk, og eg slapp den heslege lukta av makrell i tomat som nokon som regel har som pålegg under tentamen.

Kanskje vert gleda mindre etter kvart, og saknet etter vanleg skuledag større, men akkurat no går det heilt greitt.

Ganske fint å kunne jobba frå senga!

Einsformig heime

Det kan fort verta litt einsformig å vera heime heile tida, men ein veit jo at det er nødvendig for å minska spreiinga. Då eg går TAF-linja, som er ei blanding av studiespes. og yrkesfag, må eg framleis gå på jobb tre dagar i veka. Difor kjenner eg ikkje så sterkt på akkurat dette då eg framleis møter kollegaane mine.

Ein ven som går på studiespesialiserande valde derimot å omtala den siste tida som ein «evig sundag», og for mange har nok helgekjensla for lengst forsvunne. Etter ein lang skuledag er det difor lett å gøyme seg under dyna med litt Netflix, og bli der resten av kvelden.

Sjølv om det etter mi meining alltid er noko å henga fingrane i, har eg definitivt sett ein auke i skjermtida mi. Korleis skal ein elles kommunisera med vener og familie?

Kva skjer framover?

Me går ei uviss framtid i møte. Dette som skulle vere ei mellombels to-vekers løysing, har allereie vorte utsett til over påske. Skriftleg eksamen er avlyst, og fagprøvane vert utsette. Mange uttrykkjer bekymring for vitnemålsutdelinga, og spøkjer med at det kjem til å gå føre seg på Minecraft.

Mange uttrykkjer bekymring for vitnemålsutdelinga, og spøkjer med at det kjem til å gå føre seg på Minecraft

Sjølv om ingen veit kor lenge dette kjem til å vara, er det viktig at me fortset å halda oss innanfor retningslinjene som myndigheitene gjev. Ikkje omgå andre meir enn strengt nødvendig, og ikkje ha fest.

Det er viktig å hugsa at dette ikkje er for alltid, og at ein ved å halda seg inne faktisk kan bidra til å redda liv.

Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Student Karoline Skarstein merkar koronakrisa på psyken og etterlyser strengare tiltak. Foto: Renate Wiik