Frykt og fordommar: Koronaviruset er eit utmerka høve til å vise ekte journalistikk
Ein global pandemi kan også verte brukt til noko positivt, som å vise forskjellen på ekte journalistikk og alle etterlikningane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mediekommentaren stod først publisert hjå NDLA.no, og er sett om til nynorsk av Framtida.no.
Aviser pyntar seg med så mange slags høgstemte og lågstemte motto. Det er eit stort spenn frå Washington Post sitt «Democracy dies in darkness» til VG sitt «Dagen blir ikke den samme uten».
Men i desse dager, kor kvart host på bussen får folk til å trekke seg forskrekka unna og lure på om dei har nok hermetikk heime til å klare nokre vekers karantene, bør alle medium låne Coca Cola sin kjende påstand: «The real thing». Koronaviruset si ferd over kloden er eit utmerka høve til å vise at det finst noko som er ekte journalistikk, og enormt mykje som ikkje er det.
Nordmenn som vender heim frå skiferie i dei italienske alpar eller forretningsreise til Kina, er ikkje den einaste utfordringa for samfunnet sin sikkerheit for tida. Ved EU si yttergrense mot Tyrkia presser tusenvis av menneske mot piggtråden og politiet sine skjold og tåregass. Det ser ut til at vi samstundes må handtere både ein pandemi og ei flyktningkrise. Begge deler vil setje den offentlege beredskapen på store prøver, men dei vil også skilje den pålitelege og nøkterne bodberaren frå produsentar av frykt og fordommar. Journalistar og redaktørar må velje kva kategori dei vil høyre til.
- Les også meiningsinnlegget: I går vakna eg til ein video av hundrevis av opprørspoliti med hjelm og skjold som marsjerte i land på Chios og Lesvos
Freistinga til å velje det siste er stor. Frykt og fordom er den enklaste vegen til merksemd. Vi er biologisk innretta til å interessere oss meir for nyheiter som trugar oss enn for dei som roar oss. Faretrekanten på framsida trekker til seg fleire lesarar enn meldinga om at alt er under kontroll. Denne grunnleggjande kunnskapen er ei stor freisting for journalistar som heile tida vert målte på kor mykje sakene deira engasjerer.
Utanfor dei etablerte redaksjonane sit det folk og produserer falske nyheiter. Ikkje før var den første kinesar gått til sengs med feber i Wuhan, så dukka det opp meldingar om spreiing til stadar kor smitte ikkje var registrert, om dødsfall som ikkje var reelle og om farer Verdas helseorganisasjon avviser.
Vi er biologisk innretta til å interessere oss meir for nyheiter som trugar oss enn for dei som roar oss
Det same skjedde så snart Tyrkia sin president, Recep Erdogan, bestemte seg for å legge press på Europa ved å sleppe flyktningar og migrantar heilt fram til grenselinjene mot Hellas og Bulgaria. Falske videoar spreidde seg lynraskt i sosiale medium. Nokre hundre menneske fortona seg som eit kontinent på vandring. Foreldre som desperat forsøkte å få tåregassen ut av auge og nase på barna, såg ut som dei besvisst fekk ungane til å skrike.
Nokre produserer slike falske nyheiter for å få ei kjensle av makt i eit elles tomt og makteslaust liv, andre gjer det for å skape angst, aggresjon og splitting. Mot begge deler kan påliteleg journalistikk vere ei effektiv motgift. Føresetnaden er at journalistane konsekvent og kontinuerleg er like kritiske mot si eiga dekning som mot styresmaktene si krisehandtering.
- Visste du at Finland startar kampen mot falske nyheiter i barneskulen? Les saka her.
Kva med språket? Kva ord skal vi bruke? Er det rett å omtale store grupper av menneske som er desperate nok til å risikere livet, som ei flodbølgje. Kva assosiasjonar vekkjer slike omgrep? Kva skjer om vi skildrar flyktningkrisa som først og fremst ei krise for flyktningen?
Kva med kjeldene? Verknaden vert annleis om det er smittevernoverlege i kommunen eller den mest engstelege i bygda som får størst plass. Effekten vert annleis om vi samanliknar koronaviruset sine verknader med ei vanleg influensa eller med Spanskesykja, som tok livet av 15 000 i Noreg og mange titals millionar totalt.
Journalistikk er i sin essens eit val av kva filter enorme mengder tilgjengeleg informasjon som skal verte sila gjennom. Språket er eit slikt filter, kjeldeutvalet eit anna, den visuelle presentasjonen eit tredje. Det siste og viktigaste filteret, er etikken og refleksjonane over kva effekt kvart av dei andre vala får. Nøkternt språk og kompetente kjelder gjev kanskje lågare engasjement hjå publikum. Men det er berre eit problem for dei som har som forretningsidé å profittere på frykt og fordommar.
- Les også saka: Falske nyhende spreier seg raskare enn koronaviruset