Finland deler ei lang grense med Russland, og heilt sidan dei frigjorde seg frå nabolandet for snart 120 år sidan, har finnane vore vande med å møta russisk propaganda.
Etter Russland annekterte Krim-halvøya i 2014, vart det likevel tydeleg at noko var endra. «Informasjons-krigen» var komen over til nettet og Russland sende målretta falsk informasjon til finnane.
Falske nyhende er kome for å bli, med potensielt store følgjer. Det påverkar haldningar og har vore med på å påverka fleire demokratiske val. Men kva kan ein gjera for å bli immun?
- Les også kommentaren: – Falske nyheiter er ekte truslar
Algoritmar gir deg nyhende
Sidan 2014 har Finland difor rulla ut eit stort program for å gjera innbyggarane flinkare til å avsløra falske nyhende, og i 2016 vart det del av læreplanen.
Ein del av strategien er at alle skal læra om kjeldekritikk, heilt frå barnehagealder.
Kari Kivinen, rektor i Helsinki i Finland seier til The Guardian at ein kan bør starta arbeidet svært tidleg.
– Ungar i dag les ikkje aviser eller ser på TV-nyhende. Dei ser ikkje etter nyhende, det berre dukkar opp for dei – på WhatsApp, Youtube, Instagram, Snapchat. Eller meir presist: algoritmar velgjer det ut, for dei. Dei må vera i stand til å møta dette kritisk. Ikkje kynisk – me vil ikkje at dei skal tru at alle lyg – men kritisk.
Også Jussi Toivanen, kommunikasjonssjef for statsministerens kontor, meiner det er viktig å starta i tidleg alder.
– Dette er ikkje berre eit problem for styresmaktene, heile samfunnet er målskiva. Me gjer vårt, men det er alle si oppgåve å verna om det finske demokratiet. Førstelinja i forsvaret er barnehagelæraren, sa han i eit intervju med CNN.
- Her kan du lesa: Sju triks for å avsløra falske nyhende.
Er med i alle fag på skulen
Målet er å få aktive, ansvarlege innbyggjarar og velgjarar. At dei tenker kritisk, sjekkar fakta, tolkar og evaluerer all informasjonen ein får, uansett kor det dukkar opp – er avgjerande, meiner rektor Kivinen.
Kritisk tenking har dimed blitt ein grunnleggande del av læreplanen, og kjem inn i dei fleste fag.
– Me har gjort det til ein grunnstein i alt me underviser.
I matte-timen lærer elevane om kor lett det er å lyga med statistikk. I kunst- og handverk får dei sjå korleis eit bilete kan bli manipulert til å framstå som noko anna. I historie analyserer dei propaganda-kampanjar og i finsk-timane lærer dei korleis ord kan brukast til å forvirra, misleia og lura folk.
Deepfake-videoar og russiske troll-fabrikkar
Men det er ikkje berre i skulen dette er blitt viktig. Målet er at alle skal få opplæring i kjeldekritikken som trengst, både barn, vaksne, politikarar og andre.
Toivanen held foredrag om korleis ein kan bli betre på kjeldekritikk.
Med powerpoint-slidar som «Har du blitt truffen av den russiske troll-arméen?», skildringar av korleis ein oppdagar bots og falske profilar og demonstrasjon av såkalla «deepfake» videoar: ekstremt realistiske videoar der ein kan manipulera kven som helst til å sei kva som helst.
Kjeldekritikk og faktasjekking
Også Fatabaari, er ein del av satsinga. Dette er ei finsk faktasjekkingsgruppe som har vore med å laga eit digitalt verktøy for å bli betre på kjeldekritikk.
Der må ein mellom anna sjekka påstandar frå Youtube-filmar og postar på sosiale medium, sjå på clickbait-saker og korleis misinformasjon lener seg på kjenslene til lesaren, og til og med skriva eigne fake news-artiklar.
Målet er at ein tenker seg om ein ekstra gong før ein deler frå sosiale medium: Kven har skrive dette? Kor er det publisert? Kan eg finna same informasjon andre stader?
Mathilda (18) seier til the Guardian:
– Ein må alltid ta ein faktasjekk. Første regel er: ingen Wikipedia, og alltid tre eller fire ulike og truverdige kjelder. Me lærer det i omlag alle fag.
Best i Europa til å stå imot falske nyhende
Og innsatsen til styresmaktene ser ut til å ha lukkast. I den årlege rapporten: «Media Literacy Index» av Open Society Institute, ser dei på mediekunnskapen i 35 land i Europa.
I fleire år på rad har Finland toppa lista, og også i 2019 var dei øvst, med eit stort gap ned til andreplassen. Danmark, Nederland, Sverige og Estland følgjer etter på topplista. (Noreg er ikkje med i undersøkinga).
Finland er altså desidert best på å stå imot falske nyhende i Europa.

- Visste du at: Falske nyhende vert spredd raskare enn ekte?
Har påverka fleire demokratiske val
Finland er ikkje åleine om å ha blitt målretta angripe med falske nyhende og troll-fabrikkar.
Russiske grupper har høgst truleg målretta gått inn for å påverka haldningar gjennom nettroll og falske nyhende i fleire val. Kanskje før Brexit, valet i Spania og ikkje minst valet i USA i 2016, og før EU-valet i 2019 frykta ein russisk innblanding.
EU har mellom anna laga ein handlingsplan mot desinformasjon. I Tyskland har dei fått ei lov som kan bøtelegga teknologiske platformar som ikkje fjerner “openlyst ulovleg” hatprat. I Frankrike har dei innført ei lov som forbyr falske nyhende på internett under valkampanjar. Kritikarar har argumentert med at begge desse lovene hindrar ytringsfridommen.
Russland har nekta for innblanding i alle val.
- Les også: NRK-program manipulerte skuleval med falske profilar og falske nyhende: I eit halvt år har NRK Folkeopplysningen lurt elevar ved Lillestrøm vidaregåande skule for å få dei til å stemma Senterpartiet i skulevalet.
